I så fall er vegen kort til eit lynkurs for toppserielaget i tabellbotnen. AaFK stiller nemleg lag i sjuarserien på Sunnmøre, med Color Line Stadion som heimebane.

Vert det skåra mål på grusen her ved sjøsalte tangranda, så snakkar ein anten om flodmål, eller kanskje sjølmål?

Bildeserie: Sjå fleire bilde frå kampen her

Grusbad

Men måla er neppe det viktigaste i sjuarserien, det fekk vi sjå under ein seriekamp mellom heimelaget Austefjord og bortelaget Sykkylven Blå i førre veke.

Kampen gjekk under den røffaste regnbyga - i døgnet då det fall over 100 millimeter nedbør fleire stader på Sunnmøre. Kampen hardna til - i takt med synleg auke i vasstanden på svært kort tid.

Duellane var knallharde - og tjuvtriksa på VM-nivå. Filmar du deg til eit frispark her, er prisen automatisk rotbløyte total.

Følg smp.no på Facebook

Men våt vert du uansett, så la gå. I staden for å gje raude kort, eller for ikkje å bli forveksla med dei mørkeblå sykkylvskrigarane, har dommaren ikledd seg raud vest. Flytevest? Å avblåse kampen fordi ballen flaut, såg aldri ut til å vere tema for den tøffe fløyteføraren.

Veteranen

Heimelagstrenar Hallgeir Holsvik (60) var i 20-åra då han var med og starta opp fotballag i dåverande sjuandedivisjon. Etter ein lang karriere som aktiv for A.I.L. tek han no trenaransvar for sjuarlaget, som vart starta opp i år.

– Eg hadde aldri trudd eg skulle få oppleve å stå som trenar på sidelinja på Color Line - for klubben i mitt hjarte, ler Holsvik.

Les fleire sportsnyheiter på smp.no

Som rett nok tapte vårkampen tosifra 11 - 2 for gamle AaFK-heltar, laget sitt hittil styggaste tap. Men eit lurt og hardtkjempande lag som kanskje planlegg eit meir flatterande returkampresultat på heimegrus no i haust?

– Ja, då har vi fordelen av heimebane og spesialtilpassa fottøy. På den siste grusbana som framleis er i bruk til seriefotball på Sunnmøre, åtvarar ein fotballglad veteran.