Ein skal leite lenge for å finne ein som har klart å skape like stor entusiasme i gatene i Ulsteinvik som det Karsten Warholm har klart. Søndag kveld vann han like godt kvalifiseringsløpet sitt på 400 meter hekk i OL i Rio.

Då hadde bygda samla seg i Ulsteinhallen for å sjå løpet. I natt samla dei seg på Sjøborg Kino.

Tre av dei var Elise Krøvel (13), Edvard Roppen (12) og Elin Vaage (13).

– Han var så god i forrige løp at vi både håper og tror på finale. ​​ Då blir Sjøborg for lite, så da må vi nok i Ulsteinhallen for å se løpet, sa dei tre like før semifinalestart.

– Nå har vi vært her siden klokka ett og regner ikke med vi kommer herfra før klokka er over tre, sier de tre.

Finaleplass blei det ikkje på Warholm, han blei to tideler for sein for å kapre finaleplass då han kom inn på fjerdeplass semifinalen.

Etter løpet var mor Warholm inne direkte frå Sjøborg på TV2 for å helse til Karsten. - Vi er stolte av deg, sa ho til jubel frå salen. Warholm sjølv var i kjent stil ikkje satt ut etter løpet, sjølv om han var slått ut.

- Eg er kjempefornøgd med OL, sa han med eit smil. Han har 14 hekkeløp bak seg, og mange år i verdstoppen framfor seg.

- Warholm er ein uslipen diamant, sa ekspertkommentator Andreas Thorkildsen på TV2.

– Eg trur det kjem litt folk sjølv om det er midt på natta, men det er jo ein invitasjon på kort varsel. Eg trur det vert ein god gjeng på Sjøborg i natt, men også at det er mange heime som sit heime framfor fjernsynet, sa Hatløy tirsdag kveld før arrangementet.  Og ein god del folk kom det, så det blir mange morgontrøytte tryner rundt om på arbeidsplassane på Sunnmøre i morgon.

– Men det får vi berre tole. OL er kvart fjerde år - og dette har aldri skjedd før, seier Hatløy.

Slik såg det ut i Ulsteinhallen då Karsten løp i går. Foto: MAGNE J. KRUMSVIK

Merksemd

Hatløy seier at det naturleg nok er Karsten Warholm sitt løp i går som har vore den store snakkisen i gatene i Ulsteinvik i dag.

– Dette er med å sette Dimna IL som klubb og kommunen på kartet i større grad enn tidlegare. Det er stor interesse langt ut over Sunnmøres grenser. Dette er marknadsføring som gjer både klubb og kommune kjent, seier han.

– Korleis merker de det?

– Vi får mykje helsingar og tilbakemeldingar frå heile friidrettsnorge. Det er kjent at Karsten er god, men alle er imponert over det han har klart til no, seier Hatløy.

Les også: Kjærasten: – Eg er utruleg stolt

Mange hadde samla seg på Sjøborg Kino, sjølv om semifinalen gjekk midt på natta. Foto: Nikolas Birkevold Farstad
Trenar Arve Hatløy saman med Karsten Warholm Foto: Jarle Mordal.