Ålesund sine spelarar og lagleiarar fortvila då sluttsignalet gjekk i Voldahallen laurdag.

Orkanger har vunne mot Levanger 2 og dermed passert Ålesund på tabellen. Det er tårer, frustrasjon og svært skuffa spelarar som klemmer kvarandre i Voldahallen.

Veldig nær

– Det var oss sjølve som måtte gjere det i dag, og vi var så veldig nære. At Orkanger skulle slå Levanger 2 var vi nesten sikre på før avkast. Vi presterer ein veldig bra kamp i dag, men det er dessverre ikkje nok, sa ein svært skuffa Aage Christensen etter kampslutt.

Ålesund sin trenar håper at spelarane han har trent finn seg andre klubbar å spele for neste sesong.

– Prestasjonsklubben Ålesund er nok historie med dette nedrykket, så får styret bestemme det formelle etter påske, påpeikar han.

Synest synd på ÅHK

Volda sin trenar, Halldor Stefan Haraldsson, var glad for å ha klart 2.-plassen i årets sesong. Likevel så synest han synd på Ålesund.

– Vi gjekk på bana for å vinne, og det klarte vi. No ser vi fram til å få to nye toppspelarar på plass, saman med 3–4 andre som har vore ute med skader store deler av sesongen. At Ålesund rykker ned og blir oppløyst er klubben sin eigen feil, men det er eit tap for handballen på Sunnmøre, sa islendingen etter kampslutt.