For 20-åringen frå Island har skrevet under ei 2-årskontakt med Sunnmørshadballen sitt flaggskip.

– Thea kjem frå eliteklubben Fylkir og eg har sjølv trent ho der, seier Volda sin trenar Halldor Stefan Haraldsson.

Imani har ein soldi CV sjølv om er fødd i 1997. Ho har spelt 12 kampar for det islandske A-landslaget, og 20 kampar på juniorlandslaget.

– Ho er ein venstrehendt bakspelar som har ei god skotarm. Og er sterk i forsvarsspelet. Ho vil passe god inn hjå oss, seier Haraldsson vidare.

Imani kjem til Volda i slutten av juli, for å vere med oppkøyringa til ein ny sesong i 2. divisjon. Volda vart nr. 2 i si avdeling etter 19–18 mot Ålesund HK i siste serierunde sist laurdag. Laget siktar mot opprykk i 2017/18.

– Målet er heilt klart å rykke opp til 1. divisjon etter komande sesong. Eg håper vi kan få tre til fire nye spelarar ettersom stallen vår er for tynn, seier Haraldsson.

Sentrale Vanessa Sunde Hoel vart skadd før jul og kjem truleg ikkje attende i kampmodus før nærare juletider i år.