Men det var med knappast mogleg margin. I den avgjerande kampen mot Harstad i Tromsø søndag vart resultatet 22-22.

Og Bergsøy hamna føre Harstad på betre målskilnad!

– Vi vann vår 3. divisjonsavdeling på sju mål bedre målskilnad enn Træff, så dette kan vi, smiler oppmann Siv Jensen.

Kvarteret før slutt såg det mørkt ut for Bergsøy. Då leia Harstad heile 19-13, men i løpet av ti minutt gjekk Bergsøy frå 13-19 til leiing 22-20! Harstad tok att Bergsøy mot slutten, men uavgjort heldt akkurat for dei raudkvite.

Storsiger

Laurdag opna Bergsøy kvaliken med storsiger 38-22 mot Bossekop, før det vart knepent 27-30 tap mot kvalifiseringa sitt klart beste lag, Selbu. Som vann alle sine kamper. Det var dei to beste som rykka opp, og Bergsøy kneip altså andreplassen.

– Dette vart utruleg spannande. Og kjempemoro at vi klarte jobben, sa trenar Igor Dokmanovic.

Beate Myklebust var Bergsøy sin klare toppscorar denne helga, og keeper Susanne Sandvik  var også svært god i de tre kampene.

Neste sesong kan Bergsøy Handball skryte av å ha både herre- og damelaget i 2. divisjon. Men det vert også ei økonomisk utfordring å drifte to lag i ein divisjon med lange reiser.

Smp.no viste opprykkskampene direkte på web-tv