Det vart altså spelt to handballkampar i Herøyhallen laurdag, først 2. divisjon for menn, deretter 2. divisjon for damer.

Kanongod 2. omgang

Herrelaget opna for så vidt bra mot Bergen Vest og leia tidleg med fire mål. Men dei siste 20 minutta før pause var rett og slett sløve. Til pause stod det derfor 14-14. 2. omgang var heilt annleis. Då spelte Bergsøy med ein heilt annan konsentrasjon og med mykje betre sprut både i angrep og forsvar. Til slutt vann Herøy-laget heile 38-22.

– Vi fekk for så vidt ein bra start på kampen. Men så begynte det å snike seg inn ei haldning der vi heile tida skubba problema våre over på lagkameratane. Det snakka vi om i pausen. I 2. omgang spelte vi kjempegodt, meinte Bergsøy-toppscorar Zilvinas Grieze.

– Litt uheldige

Damelaget låg under 14-18 til pause. Starten på 2. omgang var heller ikkje god. Ein periode leia Aker sitt andrelag med ni mål. I seriepremien for tre veker sidan kom Bergsøy-damene tilbake frå eit håplaust utgangspunkt og klarte eitt poeng. Vi begynte å ane at noko liknande kunne skje då Bergsøy brått begynte å bøtte inn mål, samtidig som Susanne Skar Sandvik som så ofte før var i det umoglege hjørnet I Bergsøy-målet. Men på stillinga 25-28 brende Bergsøy eit par feite sjansar. Dermed var det gjort. Til slutt vann bortelaget frå Oslo 30-26.

– Hadde vi sett ein av sjansane våre då vi låg under med tre nokre minutt før slutt, trur eg vi kunne ha klart poeng. Men vi var litt uheldige akkurat der. Uansett er det 1. omgangane våre som må bli betre om vi skal begynne å vinne kampar på dette nivå, seier Igor Dokmanovic, som er trenar både for damene og karane.

Meir frå begge kampane i papiravisa måndag.

Bergsøy-damene spelte ein ny varierande kamp, der det brått snudd frå elendig til fantastisk spel. Her ser vi Thea Berge Baastad i aksjon. Foto: Einar Orten Trovåg