Det vart spaning heilt til dommarane bles av kampen i Voldahallen søndag.

– Dette er den beste kampen eg har opplevd i tida mi som Volda-trenar, rett og slett ein fantastisk handballkamp, sa Halldor Stefan Haraldsson etter å ha sett sitt lag vinne 25–24 mot oslolaget Nordstrand.

No er Volda einaste lag i 2. divisjon avdeling 3 som ikkje har tapt ein kamp. Volda har seks strake sigrar!

Kontroll i sluttsekunda

Jubel etter siger Volda sine spelarar jublar framfor sine tilskodarar i Voldahallen søndag kveld. Volda vann 25–24 mot Nordstrand. Foto: Svein Olav Humerberset

– Vi låg under 11–13 ved pause, men snudde til 18–17 i starten av 2. omgang. Resten av kampen var heilt jamn. På stillinga 25–24 tok eg «timeout».

Då var det 20 sekund att å spele og vi hadde ballen. Sjølv om Nordstrand gjekk ut spelar mot spelar hadde vi kontroll til dommarane bles av, seier haraldsson.

Han var fornøgd med det aller mest hjå eigne spelarar, men Volda burde faktisk hatt endå fleire mål.

– Eg trur Marte Nornes aleine hadde sju eller åtte stolpetreff. Ho var veldig god og skåra sju mål, seier Volda-trenaren.

Kanonkamp av Sturludottir

Aller best på heimelaget var Thea Imani Sturludottir. Den islandske backen skåra fem spelemål og sette inn to straffekast. Og toppa skåringslista saman med Nornes på heimelaget.

– Eg må også få nemne keeperane våre; både Hilde Søyset og Runa Vik stod fantastisk godt i sine beste periodar.

Det er tryggande å ha eit så solid keeperpar, seier Halldor Stefan Haraldsson.

Volda skal ut i to tøffe bortekampar om to veker, i Drammen mot Glassverket og mot Hønefoss.