Med 12-26 til pause kunne Volda sleppe seg litt nedpå etter pause. Det vart aldri spanande men lenge såg det ut til at Bergsøy ville få fleire mål enn Volda etter pause. Men voldajentene tok seg saman på slutten og vann andre omgang 12-14 noko som gav sluttresultatet 24-40, noko trenaren til Volda, Halldor Stefan Haraldsson, var godt nøgd med.

- Kampen er eigentleg ferdig til pause, og det er ikkje alltid like enkelt. Nokre kampar går det fint og andre ikkje. Vi pratar om dette ofte og har fokus på det. Vi har nok av sjansar til å få mange fleire mål i dag, men av og til kjem feila, seier Haraldsson.