Det har lenge vore klart at Volda ville vinne serien, og at dei er klare for kvalifisering til 1.divisjon. Men det store spørsmålet før helga var om Volda ville klare å fullføre sesongen utan å avgje poeng.

Med siger på heimebane mot Orkanger laurdag og Selbu søndag vart målet nådd.

Med siger i 22 av 22 moglege kampar har Volda gjennomført ein prikkfri sesong. Det vart knytt noko spaning til Selbukampen, ettersom sist laga møttes, vart det jamnt. Men Volda klarte å halde tempoet og spelet oppe og kunne dermed innfri målsettinga om å ikkje avgje poeng i serien, noko kaptein Marte Nornes på Volda var veldig godt nøgd med.

– Då vi var oppe i 16-17 sigrar tenkte vi at vi like gjerne kunne vinne alle kampane, så det har heilt klart vore eit mål for oss. Vi visste før helga at desse to kampane kom til å bli tøffe sidan vi allereie var klare for kvalifisering, så det var godt å klare målet, seier Nornes.

Kvalifisering til 1.divisjon

No startar førebuinga til kvalifiseringskampane mot Gneist søndag 15. april og onsdag 18. april. Voldatrenar Halldór Stefán Haraldsson kan sjå fram mot ei normal treningsveke med ein skadefri tropp.

– Det var viktig å halde oss skadefrie i helga slik at vi kan stille full tropp neste søndag. Vi sette innpå litt yngre spelarar siste 10-15 minutta, og fekk kvilt dei andre litt. Vi har rotert mykje i laget og det har fungert fint, seier Haraldsson.

Fulle tribuner?

Det er liten tvil om at Volda har ein god sjanse til å vinne kvalifiseringa til 1.divisjon. Ein avgjerande faktor kan bli kampen på tribuneplass. Trenar Haraldsson er heilt klar på kva som er forventa av heimepublikumet komande søndag.

– Vi forventar å vinne kampen på tribuna både heime i Volda og borte i Bergen. Når ein såpass liten stad som Volda har sjansen til å kvalifisere seg til 1.divisjon bør det vere stappfullt i Voldahallen, så enkelt er det, seier Haraldsson.

KAMPFAKTA

Volda – Orkanger: 32-21 (18-9)

Toppscorarar: Marte Nornes og Anette Berg, Volda (7 mål)

Volda-Selbu: 32-23 (16-10)

Toppscorarar Volda: Marte Nornes og Thea Sturludottir, (6)

Lagkaptein Marte Nornes og keeper Hilde Søyseth jublar uhemma etter at det fyrste målet er nådd. No gjeld det å vinne også kvalifiseringa mot Gneist frå Bergen. Foto: Svein Olav Humberset