Med sluttresultatet 31-21 har Volda HK sine handballdamer ein god fot i 1. divisjon. Den første av to kvalifiseringskampar mot Gneist frå Bergen enda med timålssiger for heimelaget. Onsdag møtes laga igjen, i Bergen. Voldatrenar Halldór Stefán Haraldsson tek ingenting for gitt.

– Det er kjempebra å vinne med ti mål, men ingenting er avgjort. Vi kunne gjort det litt betre, men vi møtte eit bra lag. Vi står fint i forsvar, men framover kunne vi raskt nådd 40 mål, påpeikar Haraldsson. Han trur det blir vanskelig i Bergen, men har naturlegvis trua på å rykke opp.