Den første av to kvalifiseringskampar mot Gneist frå Bergen enda med timålssiger for heimelaget. Onsdag møtes laga igjen i Bergen til returoppgjer.

Volda-trenar Halldór Stefán Haraldsson tek likevel ingenting for gitt.

– Det er kjempebra å vinne med ti mål, men ingenting er avgjort. Vi kunne gjort det litt betre, men vi møtte eit bra lag. Vi står fint i forsvar, men framover kunne vi raskt nådd 40 mål, påpeikar Haraldsson.

Han trur det blir vanskeleg i Bergen, men har naturlegvis trua på å rykke opp.

I kvalifiseringa for opprykk er Volda HK og Flint Tønsberg førehandsfavorittar, med Gneist og Ålgård som dei to utfordrarane.

Nervøs opning

Det første kvarteret av kampen var det tydeleg at mykje stod på spel. Begge lag spelte nervøst, og spelarane gjorde mange personlege feil.

Det var ein jamn kamp spelemessig i halve første omgang, der stillinga var 7–6 i favør heimelaget. Utover i omgangen tok det meir fysisk sterke voldalaget meir over, der spesielt Marte Lausund Nornes og Thea Imani Sturludottir stod fram. Sistnemnde avslutta omgangen med å banke inn 16-10, på eit knallhardt underarmsskot.

Hos gjestane skulle det aller meste innom spelar nummer 13, Emma Johannessen Haugstvedt. Ho skaut sjølv svært ofte, men var også nest sist på mange av avslutningane til Gneist.

Etter pause var den denne spelaren heimelaget hadde store problem med å temme. Volda sin innsats var det ingenting å seie på, men viljen var ofte litt større enn prestasjonen.

I etterkant av kampen var fleire av Voldaspelarane Sunnmørsposten snakka med, samde i at i denne perioden, tidleg i andre omgang, den svakaste i kampen. Volda sin målvakt, Hilde Søyseth, heldt i denne perioden gjestane i sjakk med fleire gode redningar.

Utover i omgangen kom Volda sin gode fysikk til sin rett igjen. Ikkje minst på gode kontringar og ankomstar, der spesielt Anette Berg var strålande, med totalt ni nettkjenningar.

Nimålsscorar gir seg

No vel 27-åringen å legge handballen på hylla, etter kvalifiseringskampen i Bergen på onsdag.

– Kroppen er sliten, og eg vil prioritere litt andre ting som familie og vennar, seier Berg, som har tru på opprykk etter kampen i Voldahallen.

– Vi var nervøse begge lag, men vi var det beste laget, og vi skal gjere jobben i Bergen onsdag, påpeikar ho.

Mot slutten av kampen auka heimelaget til åtte, ni og timålssiger, 31–21.

Marte Lausund Nornes var sentral, og gav alt i mange tøffe duellar.

20-åringen trur timålssigeren skal halde til opprykk.

– Dette skal vi klare, sjølv om det var ein slurvete kamp frå oss. Det svinga alt for mykje, men vi avsluttar på ein god måte og får med oss ti mål i favør til returen, sjølv om vi gjerne skulle hatt det dobbelte, seier ho.

Hadde ikkje gjestane sin beste spelar stått fram for Gneist, kunne det blitt endå større siger for Volda HK.

– Vi står på, men ikkje alt går vår veg. Vi satsar på å slå Volda i Bergen onsdag, seier Gneist sin beste spelar i kampen.

trur på opprykk: Marte Lausund Nornes skåra ni mål i den første av to opprykkskampar mot Gneist frå Bergen. Ho trur det er nok før onsdagens returoppgjer i Bergen. Foto: Svein Olav Humberset Foto: HumbersetFoto
gir seg: Anette Berg gir seg etter sesongen og tok farvel med Volda-hallen på flott vis. No håpar ho å avslutte det heile med opprykksjubel onsdag. Foto: Svein Olav Humberset Foto: HumbersetFoto