Kvalen reiser til Belgia allereie neste veke for proffspel komande volleyballsesong. Men først må han kome seg heim frå eit ein månads langt treningsopphald i Osaka, Japan, under leiing av sin tidlegare japanske trenar frå tre års skulegang på ToppVolley Norge og juniorlandslaget, Haruya Indo.

Puurs vart nummer fem i Liga A førre sesong, som er den øvste ligaen i Belgia. Klubben vert frå komande sesong leia av den tidlegare tsjekkiske landslagstrenaren Stewart Bernard. Puurs har høge ambisjonar komande sesong, og har henta inn fleire nye spelarar frå inn- og utland. Seriestart i Belgia er medio oktober og sesongoppkøyringa har allereie starta i Puurs.

Internasjonalt er Noreg rangert heilt nede på 96. plass, medan Belgia er rangert som nummer 24.

Puurs held til midt mellom Brussel og Antwerpen.

Vil utvikle seg

Det har vore dialog med fleire utanlandske klubbar mellom anna  i Tsjekkia, Nederland, Hellas, Finland og Kypros, men Jonas er svært nøgd med å ha signert med den belgiske toppklubben Puurs.

Jonas er sikker på at han i Puurs vil få spele og trene på eit høgt nivå og utvikle seg vidare. Då han var i Polen for to sesongar sidan, fekk han erfaring med å trene og spele på eit høgt internasjonalt nivå.

Jonas Kvalen.

- Polen har ein av verdas beste volleyballigaer. Belgia sin liga er ikkje heilt på høgde med Polen sin liga, men framleis ganske sterke. Målet mitt for sesongen er å få mykje speletid samt å kvalifisere laget til semifinalen i sluttspelet, seier han.

Førre sesong var Jonas i Norge for operasjon i handledd og finger, og spelte for Førde Volleyballklubb. Grunna skade og operasjon vart han omskulert frå oppleggjar til angrepsspelar.

Førde vart nummer to i både serien og noregsmeisterskapen. I mai/juni var han med det norske landslaget under 1. og 2. runde i EM-kvalifiseringen som angrepsspelar. Jonas storspelte og vart til slutt beste poengplukkar på norske landslaget.

Under EM var det fleire klubbar som tok kontakt, og det har som nemnd over vore dialog med klubbar frå ulike land.