Strindheim Handball sin trenar, Jan Erik Wiedemann, skriv på klubben si nettside i dag at Bergsøy var eit ufint vertskap då dei tok imot Strindheim i Herøyhallen laurdag kveld.

– Heilt til siste sekund set dei inn taklingar bakfrå i rein frustrasjon, er ein av mange påstandar frå Strindheim-trenaren.

– Det som blir framstilt her er eit heilt ukorrekt bilde, seier Bergsøy sin assistenttrenar Jørn Remøy i ein kommentar.

Begge vegar

Strindheim sin trenar skriv om dytting i ryggen, hekting i armar, slag i ansiktet og riving i trøya.

– Alle som var i hallen såg at dette gjekk begge vegar. Det var harde tak og harde taklingar. Og dei einaste som måtte sende folk på legevakta for å sy var vi, seier assistenttrenar Remøy.

Raude kort

Ein av spelarane på Bergsøy fekk direkte raudt kort for det dommaren oppfatta var kjeft på dommaren. Og éin ting tar assistenttrenaren sjølvkritikk på: Det kan bli for mykje munnbruk etter enkeltsituasjonar i kamp.

– Vi jobbar med at vi ikkje skal kommentere dømming eller snakke for mykje i enkelte oppheita situasjonar, seier Remøy. Disiplin både på bana og privat er noko Gintaras set høgt på prioriteringslista si.

Ein annan av Bergsøy sine spelarar fekk direkte raudt kort for det dommaren oppfatta var slag i skrittet på ein Strindheimspelar. Remøy har forstått det slik at det var ballen og ikkje mannen som forårsaka hendinga.

Rekruttering

– Bergsøy har blitt eit betre lag etter å ha fått fleire austeuropearar på laget. Er det vi ser eit møte mellom norsk og ein litt hardare handballkultur?

– Nei, det er det ikkje, vi har derimot fått sjå fantastisk handball i Herøyhallen etter at desse tilvekstane kom inn. Med tanke på rekruttering, bidreg desse karane enormt for Bergsøy handball.

Kampen enda med 11-målstap til Bergsøy, 24-35.