(Foto: Olav Standal Tangen)

Foto: Olav Standal Tangen

Volda Handball:

Godt grep om tabelltoppen

Volda avslutta laurdag og søndag si tøffaste veke denne sesongen med 31-23 siger over Utleira 2 og 32-28 siger over Selbu 2, begge på heimebane.

Volda Handball har vunne fire kampar på sju dagar og tronar framleis øvst på tabellen, med god poengluke ned til Molde.

Kampen mot Utleira 2 laurdag var ein maktdemonstrasjon frå Volda si side. Heimelaget dominerte kampen og var i realiteten aldri truga. Aukse Vysniauskaite storspelte, og var kampens toppscorar med ti mål.

- Kampen i går mot Utleira var sesongens beste. I dag var vi trøtte etter fire vanskelege kampar, i tillegg til at vi nok undervurderte Selbu litt. Men vi spelte oss til ein fortent siger, sa Alfred Finnson ved kampslutt.

Les sportsnyheiter på smp.no

Meir utfordrande

Søndagens oppgjer mot Selbu 2 skulle vise seg å bli meir utfordrande. Selbu tapte klart mot Ålesund laurdag og stilte berre med totalt ni spelarar til søndagens kamp mot Volda. Likevel gav Selbu heimelaget god kamp, og fram til midt i andre omgang var oppgjeret jamt.

Volda rykka i frå Selbu mot slutten, mykje på grunn av at Aukse Vysniauskaite og Malene Aambakk verkeleg kom i scoringshumør, med høvesvis sju og seks mål kvar. Kampen enda med 32-28 i favør Volda.

Fokus på kampane

Trenar Alfred Finsson var full av lovord om laget, men tenkjer ikkje mykje på opprykk.

- Laget viser seg fram som eit sterkt kollektiv, og vi tek nye viktige poeng. Vi ynskjer sjølvsagt å rykke opp, men tre tøffe kampar står att, og desse skal vi no rette alt fokus mot.

Les også: Volda slo Ålesund

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
(Foto: Olav Standal Tangen)

Foto: Olav Standal Tangen

(Foto: Olav Standal Tangen)

Foto: Olav Standal Tangen

Leses nå
 

Forsiden nå:

Markerer 500-årsjubileet for reformasjonen med framføring for ungdom:

– Vi veit ikkje om stykket vil fungere

Converse-sko og t-skjorter gir preg av ungdom i Spjelkavik kyrkje. Her blir ei framsyning om nåde mynta på konfirmantar øvd inn.