Volda-Selbu 22-23: Line Hagen og resten av Volda-laget felte tårer etter tapet som gjer at dei berre har teoretisk sjanse til å overleve i 1.-divisjon.

- Nedrykk

-Vi rykker ned. Sist vi spelte mot Halden vart vi knust, seier Hagen og viser til siste seriekamp borte neste søndag. Laurdag er det meir overkomelege Bækkelaget som er motstandar i Oslo. Med siger mot SelbU og Bækkelaget ville Volda truleg sikra fornya kontrakt, men etter tapet i Voldahallen laurdag er det no få som trur på ståplass.

-Veldig surt. Vi hadde kjempebra innsats i 40 minutt. Så drit vi oss ut, seier Hagen sjølvkritisk. Ho vart toppscorar for Volda med seks mål.

Mista kontroll

Volda hadde lenge full kontroll på laget som blir trent av den gamle landslagskjempen Trine Haltvik. I første omgang hadde dei ei komfortabel femmålsleiing. Men Selbu åt seg innpå, og med ti minutt att, vippa kampen. Den mentale påkjenninga takla ikkje Volda-spelarane.

Trenar Kristinn Gudmundsson nektar å gje opp, men innser det blir vanskeleg å halde plassen.

-Vi må slå Bækkelaget og Halden, det kan vi klare. Men det er ikkje sikkert det er nok heller, det kjem litt an på resultatet i dei andre kampane, seier han.

Kan vinne

Også Trine Haltvik trur Volda kan vinne dei to siste.

-Verken Bækkelaget eller Halden har noko å spele for. Volda har for godt lag til å rykke ned, seier ho.