Jentene i svart og kvitt makta å redde to viktige poeng mot Bækkelaget laurdag. Håpet om vidare 1. divisjonsspel lev framleis til sesongens siste kamp mot Halden i morgon søndag.

Kan halde plassen

Volda hadde ein teoretisk sjanse til å overleve i 1. divisjon etter tapet for Selbu 5. april. Då måtte dei slå Bækkelaget i dag. Palmesøndag møter Volda-jentene tabelltoar Halden i Hjortsberghallen, og så er handballsesongen over for jentene frå Volda.

– Vi må slå både Bækkelaget og Halden, og det kan vi klare, sa trenar Kristinn Gudmundsson til Sunnmørsposten førre veke.

Kampen i Bækkelagshallen starta klokka 16 laurdag. Bækkelaget, som låg på 8. plass før dagens kamp, har lite å spele for på tampen av årets sesong.

1. omgang

BSK tok tidleg kommandoen og scora to raske mål. Volda verka stressa i angrepsspelet og hang ikkje med det temposterke motstandarlaget. Dei tok seg saman og reduserte 4-1 til 5-4 etter ti minutters spel. Så stoppa flyten for gjestane att. Dårlege avslutningar, nølande angrepsspel og ein meget god Bækkelaget-keeper haldt Volda på fire mål lenge. Solid forsvarsspel sørga for at BSK kun dro ifrå med eitt mål i den tunge perioden.

Men Volda fann att rytma, og med hjelp av tre raske scoringer frå kantspelar Kaisa Holsvik utlikna Volda til 7-7.

Dei siste minutta av omgangen fulgte laga kvarandre tett, inntil Volda tok leiinga like før pause.

Aukse Anglinskiene forlot bana midtvegs i første omgang med ei skade. Høyrebacken kolliderte med ein BSK-spelar og fekk ein skikkeleg smell i det venstre beinet.

2. omgang

Volda hadde ei rekkje overtalsperiodar. Dei hang først ikkje heilt med i spelet seks mot seks, men dette betra seg utover i omgangen. Då dei fekk to overtalsperiodar på rappen og gjekk opp i leiing 23-19, kunne dei drage ut tida mot slutten. Sjølv om dei slepte inn to, haldt dei unna nok til å redde to viktige poeng.

Slik var kampen

10 minutt: Sunnmørsposten sin reportar i Oslo melder om ein treig start frå Volda si side, med passivt forsvarsspel og slurvete angrep. Dei makta imidlertid å redusere avstanden frå 4-1 til 5-4.

20 minutt: Etter tjue spelte står Volda mykje betre i forsvar. Spelet er tøffare, og dei maktar å nytte det at dei er fysisk større og sterkare enn motstandarane. Offensivt slurv og ei god målvakt hjå heimelaget gjer at Volda står med seks scoringar der dei burde hatt fleire.

Pause: Etter ein tung start på kampen, hadde Volda leiinga 11-10 til pause i Bækkelagshallen. Med minuttet att av den første omgangen, sende Caroline Helgesen Volda i ledelsen for første gang i kampen.

40 minutt: Det står 17-16 til heimelaget. Bækkelaget (BSK) gjekk best ut frå start i andre omgang etter at Volda leia 11-10 til pause.

50 minutt:  Volda i leiinga 20-18 etter god utnytting av sjansar. Jurate Zilinskaite er komen inn og har vore meget god. Det same har Olivia Kiss vore, men toppscoraren har gått av bana med ei skade. Ho fekk eit skikkeleg kutt over auget etter ein kollisjon.

Slutt: Volda vinn 23-21 etter to raske overtalsperiodar og drøying av tid mot slutten.

Smp.no kjem tilbake med reaksjonar frå spelarane.

Line Hagen og Hilde Egset måtte tørke tårer og ta samling i botn etter det forsmedelege 22-23-tapet mot Selbu i Voldahallen laurdag ettermiddag. FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD