- Så lenge oppmøte er bra skal vi klare det, fortel ein forhåpingsfull Alexander Heen. Eg ynskjer også å oppmode folk til å bidra. Aldersspennet går frå 13-56 år så her er ikkje aldersgrense, held han fram.

Den noverande verdsrekorden blei sett i Slovenia i 2007 og var på 43.44 meter. Men dette er ein rekord som ikkje held mål i fylge eldsjelane bak slinningsbålet, då rekordhaldarane nytta kran for å bygge bålet.

Sjå rekordbålet her.

- Å bruke kran er uaktuelt! Her er det berre rå handmakt som tel, foklarer ein bestemt bålsjef.

Slik såg det ut ved Slinningsbålet tirsdag kveld. Foto: Privat