Regjeringa si jordbruksmeldinga har vore ute på høyring med frist 19. januar. Bondelaget i Møre og Romsdal orienterer i desse dagar partia på Mørebenken om si meining, og fredag var turen kome til Møre og Romsdal Høgre.

Feil retning

Bondeorganisasjoner advarer mot mer frislipp Oslo (NTB): Aktører i jordbruket har gått sammen for å advare regjeringen mot liberalisering og mer frislipp i jordbruksmeldingen, som legges fram fredag.

-Vi er livredde for hovudretninga i jordbruksmeldinga, seier fylkesleiar Oddvar Mikkelsen til smp.no. Han og Bondelaget meiner meldinga er eit steg bort frå den norsk landbruksmodellen som er kjent frå 1930-talet med forhandlingar mellom partar og mellom næringar i staten. I eit fem siders tettskrive notat slaktar dei hovudinnhaldet i meldinga, som dei meiner er sentraliserande og svekker jordbruket.

-For negativt

-For negativt, seier stortingsrepresentantane  Elisabeth Røbekk Nørve og Helge Orten til Sunnmørsposten. Dei er båe opne for alle innspel frå bondelaget, men er ikkje samde i at alt meldinga foreslår er feil. Dei meiner t.d. at det er store skilnader på bøndene sin situasjon både i Møre og Romsdal og frå landsdel til landsdel elles. Dei meiner det har skjedd positive ting i landbruket, landet sett under eitt.

Vestlandsbønder taper

Styret i Møre og Romsdal Bondelag meiner at snittinntekta til bønder på Vestlandet har stått i ro, medan det for landet har vore god auke. Auken har fleire årsakar, t.d. auke i tilskot til større bruk, gode avlingsår og etterbetaling frå Tine på mjølkeprisen. Grunnen for tilbakegangen for bruka på Vestlandet er storleiken på bruka.

-Endringa i strukturverkemidla vil svekke Vestlandet som landbruksregion, dersom det ikkje blir teke betydelege motsvarande grep i distriktsverkemidla, skriv Bondelaget mellom anna.

Skal handsamast

Stadig færre i landbruket Møre mistar matjorda Det går rett vest med landbruket. Det fryktar Møre og Romsdal Bondelag, spente på landbruksmeldinga som kjem i dag.

Helge Orten og Elisabeth Røbekk Nørve seier til Sunnmørsposten at det har lite for seg å sende jordbruksmeldinga attende til regjeringa. Ein skal arbeide vidare med meldinga som til slutt skal vedtakast i stortinget, truleg seinare i vår.

Røbekk Nørve, som denne veka tok del på NHOs konferanse i Oslo, seier til Sunnmørsposten at ho er stolt over det norsk landbruk får til av reine produkt.

- PÅ NHO-konferansen fekk vi høyre at norsk landbruk har dei reinaste produkta i verda. Det må utnyttast enda meir i marknadsføringa, seier Røbekk Nørve.

Er næring

Helge Orten seier at landbruket ikkje lever i eit vakuum og at det må sjåast saman med andre næringar.

-Jordbruk er næring på lik line med anna næringsliv. Landbruket hadde stått seg på å opptre saman med andre næringar, meiner Orten.

Fylkesleiar Oddvar Mikkelsen, nestleiar Gunnhild Overvoll og organisasjonssjef Arnar Lyche meiner det har kome lite fram at landbruket har mange gründarar.

-Landbruket er ei innovativ næring. Når oljerelaterte næringar går attende, vil fleire kunne bidra til å effektivisere landbruket, meiner dei og tenkjer på robotteknologi og elektrifisering.

Oddvar Mikkelsen, fylkesleder Møre og Romsdal Bondelag. Foto: Johan Behrentz