Alvhild Bjørke Strømmen har teke i bruk kjellaren i barndomsheimen sin til salsutstilling av ulike klede, pynte- og bruksgjenstandar som ho syr. Foto: Torill Myren

Samtidig er kjellaren eit museum for telegrafen som var i kjellaren fram til 1969 og posten som var der til i 1996. Foto: Torill Myren

Alt eit stykke opp i dalen blir ein møtt med fargeglede. Fru My ønskjer velkomen til si systove under dei høge fjella på denne måten. Foto: Torill Myren

Medan Bertahuset har brukt mengder av hestesko for å ønske velkomen både til overnatting og kjøp av egg. Foto: Torill Myren

Ikkje vanskeleg å sjå at det er mykje som skjer på Bjørke denne helga. Foto: Torill Myren

Sjølvsagt i tillegg til den berømte telefonkiosken… Foto: Torill Myren

… og jettegryta som vart oppdaga då ein skulle lage tunnelen til Leira. Foto: Torill Myren

Nedst mot fjorden ligg ei naustrekkje der takvinklane speglar dei spisse fjella. Foto: Torill Myren

Og med bygningskroppar og bygningsmateriale som kan få nostalgikarar og estetikarar til å falle i stavar. Foto: Torill Myren

Nokre av dei som trivst på Bjørke og mellom nausta er f.v. Bergit Tomasgard, Andrea Melheim Mork, Rune Melheim Mork, Berit Melheim, Svein Otto Melheim, Hedda Tomasgard Melheim og Britt Tomasgard. – Her er så avslappande atmosfære, seier dei. Foto: Torill Myren

Vidare bortover langs fjøra kan ein gå inn i Jodbuda, ein gamal landhandel. Foto: Torill Myren

På bedehuset byr dei på kaffi og kaker og handarbeidsutstilling. Foto: Torill Myren

Mellom gamle naust og anna nostalgi står ei Mercedes-perle parkert. Foto: Torill Myren

Lappelina (Wenche Haddal) ønskjer velkomen til sy-utsal i bakkane oppover frå Bjørke. Foto: Torill Myren

Også her kan ein finne unike klesplagg. Foto: Torill Myren

Øverst oppe i bakken ønskjer Martine Myrvåg velkomen til Bakketunet med eit nydeleg smil og ein herleg service som ein aldri kan greie å lære på kurs. Foto: Torill Myren

Denne dørhella gir heller ingen dårleg velkomst. Foto: Torill Myren

Inne på Bakketunet har Camilla Prytz sin smykkekunst fått plass i eit av dei gamle husa. Foto: Torill Myren

Medan gamlehusa er underlagt freding kan Marita Bett gjere som ho lystar med dei nyare husa, og det seier ho er som ein einaste stor leikeplass for henne. Kunstnarhuset er mellom anna også husrom for kunstnarar som stiller ut. Foto: Torill Myren

Og ute er det laga til uterom til å bli i godt humør av. Cecilie Rørstad serverer heit, spansk kjøtsuppe som legg ei lukt av middelhav over tunet. Foto: Torill Myren

Medan ungdomslaget serverer staut rjomegraut på ungdomshuset. - Det er ikkje noko juks med denne grauten, seier Anette Alnes medan ho serverer Leiv Bjørndal ein solid porsjon følgd av rjomefeitt og môrbitar. Foto: Torill Myren

1 / 21

Midtsumar på Bjørke

Midtsumar på Bjørke er ei jonsokfeiring som går over heile helga. Sjå bildeserie frå bygda inst i Hjørundfjorden. Du kan lese meir om saka i papirutgåva av Sunnmørsposten måndag

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
comments powered by Disqus
Leses nå
 
Siste nyheter

Bruk taggen #sammenomsankthans og bli med i vår bildeserie:

Vis oss dine bålbilder