Katrine Bjørstad Langlo
(Foto: Anniken Westad)

Katrine Bjørstad Langlo Foto: Anniken Westad

Ny vinnar i DuettStafetten

Går for Norah Jones-song

Katrine B. Langlo frå Stranda song seg til topps i andre runde av Sunnmørspostens DuettStafett. Nå vil ho ha duettfølgje på Norah Jones «Don´t know why».

– Eg likar å syngje både soul, r&b, blues og jazz. Og så kjenner eg meg veldig heime i Norah Jones sin sjanger, seier Katrine, om valet av den kjende låten som blir neste vekes utfordring for stafett-deltakarane.

Gulrota

Publikum og jury var skjønt einige om at Katrine var den som gjorde det best i duett med vinnaren av første runde, Dan Roger Lid frå Hildre.

Her kan du høyre vinnarlåta fra andre runde i #DuettStafett:

 

– Å syngje duett med Dan Roger var verkeleg kjekt. Og aller helst ville eg sunge live med han, seier vinnaren, som slo ut tretten konkurrentar i denne andre runden.

Gulrota for å bli med i duettstafetten var den planlagde avslutningskonserten med vinnarane, liveband og publikum som er gulrota for å delta i songkonkurransen.

– Karaoke er ikkje heilt mi greie: Endå mindre å syngje inn i ein mobil i selfiemodus. Det virka skummelt. Men opplegget såg så kjekt ut at eg drista meg til å prøve, fortel vinnaren.

Les alt om konkurransen #DuettStafett her.

Tobarnsmora frå Stranda syng mykje. Både heime, i og som solist med damekoret Kor Løye og på private oppdrag som solist.

Ho er utdanna lærar med årseining i musikk frå Volda, og spelar både gitar, piano og saksofon. Og stortrivst som lærar på Stranda ungdomsskule.

Musikalsk gjennombrot som 33-åring har ho ikkje tru på.

Slik blir du med på #DuettStafett

– Eg satsar på å avle fram neste generasjon med songarar og musikarar. Det er magisk å oppleve når elevar som i utgangspunktet er usikre og forsiktige, tør sleppe musikaliteten laus, synest Katrine.

Her er låta Katrine har åpna i tredje runde av #DuettStafett - nå kan du bli med:

 

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
fakta
  • Katrine B. Langlo er vinnar av andre runde i duettstafetten.
  • Juryen bestod av Hallvard Fremstad, pianist, artist og kordirigent frå Ålesund, Line Helgesen, vokalist og journalist i Sunnmørsposten og Runa Godø Sæther, dirigent og songar frå Godøy.
  • Meir info om konkurransen er å finne på:smp.no/duettstafett.
  • Neste duettlåt: «Don´t You Know» av Norah Jones.
Duettstafett-vinner: Katrine B. Langlo.
(Foto: Privat)

Duettstafett-vinner: Katrine B. Langlo. Foto: Privat

Leses nå
 

Høstscena

Ungdom fra 19 nasjoner skaper fargespill

Har du sett dans fra Afghanistan, hørt norske folkesanger i afrikansk drakt eller opplevd en beatboxer fra Syria?