Komande fredag er det ikkje muleg å få kølapp ved passkontoret på tinghuset i Ålesund. Men elles legg politiet seg i selen for å gjere det så enkelt som muleg for dei som vil søke om nytt norsk pass.

Gjer som fleire enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Driftseiningsleiar Unni Moen Vikebakk i Felles forvaltningseining opplyser at dei ofte får stor pågang på slike inneklemte dagar som fredag 15. mai, og at mange snur utan å få hjelp.

Førstkomande fredag er det berre dei som har tinga avtale som får handsame sine søknadar. Til vanleg er det muleg å trekke kølapp mellom klokka 9 og 12, men ein må rekne med kø i høgsesongane.

Det er alltid muleg å tinge time på nett ein månad fram i tid, og ein kan styre tidspunktet for oppmøtet.

Det er også langope ved passkontoret i Ålesund torsdagane 28. mai og 4. og 11. juni. Pass utan timebestilling gjer du også ved lensmannskontora i Brattvågen, Vestnes, Sykkylven, Ørsta og Ulsteinvik, opplyser Sunnmøre politidistrikt.