Skogflåttencefalitt er oppdaga i kystnære strøk i Møre og Romsdal, melder NRK Møre og Romsdal.

Skogflåttencefalitt (TBE) er ein sjeldan virussjukdom som kan ramme på ulikt vis. Nokre vil ikkje merke noko, medan andre blir alvorleg sjuke.

Preben Ottesen som er leiar for skadedyravdelinga til folkehelseinstituttet, seier at dei fleste - og særleg barn, toler viruset godt, men at enkelte kan bli svært sjuke og få permanente lammingar.

Undersøkingar tyder på at om lag ein halv prosent av alle nymfeflått har TBE-viruset, og Ottesen seier det ikkje er naudsynt med vaksinering.