No har gruppa i underkant av 400 medlemmer, men Hestad vil ha fleire ut på tur. På gruppa kan ein få mange forslag til turar, og vi fekk vere med ein av dei.

– For meg er det å gå på fjellet veldig viktig og kjekt. For å få til dette må det bli synleg for folk at det finst andre ruter enn berre motorvegen opp til «Vardane».

Les om Renates kamp: Til topps mot alle odds

Turen vår tok i overkant tre timar, men då tok vi gode pauser med prat, og utsikta var god og krevde at ein stoppa opp. Om du skulle velje å bruke Sulafjellet blir Hestad svært glad om noko vel å legge ut bilete og ei skildring frå turen i gruppa.

– Folk må sjå kor fint det er, og kva fjellet kan by på, seier ho.

Flere forbrukersaker på smp.no