Ekspedisjonen har vore planlagd i to år. Siste året er alt tenkt gjennom ned til minste detalj. Nyleg blei skiutstyr og fire pulkar fullpakka med alt dei treng til 62 dagar, sendt til Sør-Afrika.

– Eg har drøymt om noko slikt så lenge som eg kan hugse, seier Egil Seljeset.

Meirsmak

3. desember reiser han og Ronny Haugen på sitt livs største ekspedisjon.

Dei har gått barske turar før, men gler seg til å prøve seg på ein skikkeleg stortur. – Svalbardturane gav meirsmak og viste at det er muleg og at vi liker dette, seier Egil.

– Det er kjekt å vere vêrfast og plagast litt. At det er utilgjengeleg område, gjer det frykteleg spennande, meiner Ronny.

– Så handlar det også litt om meistringskjensle, seier Egil om bakgrunnen for at dei legg ut på ein slik ekspedisjon.

– Dronning Maud Land er perfekt

Eventyrarane går spennande månader i vente, med mange utfordringar og store naturopplevingar.

– No når vi har kontroll, er det ikkje så skremmande som det var ei stund. No er eg roleg, seier Egil.

– Eg gler meg. Eg veit ikkje om eg får panikk rett før vi reiser, men eg har lyst på tur, seier Ronny.

– Men kvifor Dronning Maud Land?

– Vi vurderte mange område i starten, også polpunktet. Men Dronning Maud Land peika seg etter kvart ut som ein perfekt plass for oss, med ei flott fjellkjede. Vi er fjellfolk, så kvifor ikkje fare til ein plass med heilt unike fjell, seier Egil.

Ronny legg til at det varierte terrenget vil vere ein motivasjon i seg sjølv, ganske ulikt terrenget på veg mot sjølve polpunktet, der ein ikkje ser anna enn kvite, uendelige vidder.

– Unikt i verda

Dronning Maud Land ligg i Antarktis, og strekker seg frå cirka 70 grader sør og heilt inn til Sydpolen. Fjellkjeda Fimbulheimen, som er hovudmålet for skiekspedisjonen, ligg 20 mil inn frå kystlinja.

Området er norsk biland. Og det at det er norsk har medverka til at dei valde nettopp Fimbulheimen som turmål.

– Og Fimbulheimen er verkleg noko heilt spesielt, som ein ikkje finn noko anna plass i verda, seier Egil.

125 kilo kvar

Frå Cape Town går turen med transportfly til Dronning Maud Land, saman med forskingsteam og eventuelt andre som skal på ekspedisjon. Kor lang turen blir er noko usikkert, men det kan bli frå 400 til 600 kilometer.

Når turen startar, har dei ei oppakning på 125 kilo kvar. Halvparten er mat. Mykje av maten er ferdigprodusert og frysetørka som skal blandast med vatn.

Frukosten har dei laga sjølve. Det blir havregrynsgraut med litt ekstra, som rosiner, mjølkepulver og kanel.

– Dette er same oppskrift som vi har brukt fleire gonger på Svalbard, og det er ein trygg vinnar, meiner Ronny.

– Kva med julemiddagen?

– Det blir nok ein porsjon ekstra med havregraut det, flirer Egil.

– Planen er å få tak i ferskvare i Cape Town som vi kan tilberede som julemat. Det er viktig å ha noko ekstra godt å sjå fram til. Og vi har med oss kålrotstappe, legg Ronny til.

Trena med tunge bører

– Korleis har de trena til ein slik ekspedisjon?

– Det har eigentleg ikkje vore noko ekstremt med trening, seier Ronny.

– Det har vore normal fysisk aktivitet. Vi har gått mykje på fjellet, seier Egil og vedgår at dei nok har eit aktivitetsnivå over gjennomsnittet. Dei har også gått på ski på barmark og drege på tunge bører, for å vere rusta til å drage tunge pulkar. Men i det siste har dei lagt vekt på ikkje å overdrive treninga.

Svalbard-turar

Ronny og Egil har vore på Svalbard på tur saman eit par gonger. Jostedalsbreen, Sunnmørsalpane og heimlege fjell har dei lang erfaring frå. Egil har også vore ein del i Alpane.

– Svalbard blir litt same greia, men no bruker vi lenger tid, seier Egil.

Ein lang tur krev også mykje meir planlegging enn ein kortare tur: – Det er eit såpass utilgjengeleg område, at vi må ha ein plan for det meste, seier Egil og legg til at dei har fått mange gode tips frå nordmenn som har vore i området tidlegare.

Tryggleiken har høgt fokus, og skjer det noko, må dei i første omgang lite på seg sjølve. Dei har også ein beredskapsavtale med The Antarctic Company.

Egotripp

Egil jobbar til dagleg som teknisk teiknar i Stryn betongelement. Ronny er dagleg leiar i T & R Haugen Maskin.

– Vi har nyleg tilsett driftsleiar, så det skal gå fint å vere vekke ei stund, seier han.

Verre er det å vere så lenge vekke frå dottera.

– Når ein reiser på ein slik tur er ein vel verdas største egoist. Det er ein egotripp å vere vekke så lenge. Og det er klart at risikoen er større enn å ligge på sofaen, seier Ronny.

Men julefeiring skal dei ha helga før han reiser, og dottera har stilt som krav at ho også må få lov til å opne pakkar.

Vil ikkje seie prisen

I nær to månader skal dei vere sør for den sørlege polarsirkel.

– Dette blir tidenes sydentur. Eg gir blaffen i å reise tre månader til Syden i vinter. Syden blir for heitt, smiler Ronny.

Rundt juletider reknar dei med å ha sol heile døgnet. Men temperaturen vil vere på rundt ti til 20 minusgrader.

Men kva med prisen på ein slik ekspedisjon?

– Dei store ting i livet kjem ikkje gratis, smiler Egil.

– Det er mange som spør om dette, men det er ikkje råd å få folk til å forstå kva dette er verd, meiner Ronny.

Meir får vi ikkje vite om den saka, men dyrt blir det utan tvil, sjølv om ekspedisjonen har sikra seg sponsorar for utstyr.

Kan følgjast på nett

Moderne teknologi gjer det mogleg å oppdatere omverda jamleg om turen. Dei vil så langt råd oppdatere både Facebook og nettsida nestetur.no. (ekstern lenke)

Dei har også leigd eit par satellittelefonar, slik at dei kan ha kontakt med dei heime, samt rapportere dagleg til The Antarctic Company.Først i midten av februar er dei tilbake i Hornindal.

– Korleis blir det å vere i lag heile tida, så lenge?

– Det kan hende skispora deler seg av og til, seier Egil.

– Men så går dei i hop igjen, er Ronny overtydd om.

Dei har vore på mange turar før og veit korleis det fungerer: – Eg ville vore meir skeptisk til ein vilt framand, smiler Egil.