Den siste reisa var til Fosnavåg for triksekjendisen og Tottenham-tilsette Charlotte Lade. Etter å ha returnert frå Dubai berre nokre få dagar i førevegen, var ho på plass under 3. divisjonskampen mellom Bergsøy og Herd for å vise fram ferdigheitene sine.

Sykkylvsjenta har dei siste åra reist verda rundt for å vise fram kva ho kan, i tillegg til å lære bort trikseferdigheitene sine til unge fotballspelarar.

– Det blir ganske hektisk, og det blir mykje reising over heile verda. Men det blir ikkje så mykje ein ser av dei ulike landa. Det blir som regel jobb, flyplass og hotell, men det er veldig gøy å få oppleve verda, seier Lade til smp.no.

Sjå video: Sjå triksedronninga briljere

Trena åleine

Lade var ein lovande spelar i ung alder, og med god rettleiing frå pappa Kay Ove fekk ho eit svært godt teknisk grunnlag.

– Pappa trena meg mykje i fotball då eg var liten. Eg var ikkje den raskaste, så han var opptatt av at eg skulle ha god teknikk. Det ville måle seg opp mot tempoet. Det har nok hatt mykje å seie, fortel Lade.

Medan ho var i Fortuna Ålesund var ho veldig sjuk, og klarte ikkje å halde fram.

– Eg prøvde å kome meg tilbake til fotballen, men det gjekk ikkje. Då byrja eg med triksing i staden for. Eg fekk litt småjobbar her og der, og tenkte at viss eg ikkje kunne spele fotball så var dette eit bra andreval, smiler triksedronninga.

Tottenham-tilsett

Etter å ha vore på ei fotballmesse i Singapore møtte ho nokon som jobba i Premier League-klubben Tottenham, og etter eit møte med storklubben var dei einige om å inngå eit samarbeid. Men å jobbe med så profilerte personar er ikkje noko ho tenkjer over.

– Eg føler meg litt vand med det no, og vi er der for den same jobben. Dei er også veldig hyggelege og respekterer det eg gjer. Då blir det mykje enklare. Spesielt dei som jobbar i Tottenham har eg møtt såpass mange gonger at eg kjenner dei godt no. Då blir eg ikkje så «starstruck» da, småflirer sykkylvsjenta.

I tillegg har ho også programmet Goalmouth på Disney-kanalen, i tillegg til å spele inn diverse reklamevideoar med spelarar som til dømes Wayne Rooney, Lionel Messi og Cristiano Ronaldo.

Mykje jobb

Sjølv om det nærmar seg sesongslutt i England, er det framleis mykje jobbing framover for Lade. Ho reknar med berre eit par fridagar fram til juni, og også etter sesongslutt vert det ting å gjere for Tottenham sin «skills ambassador».

– Då er det mykje som skjer på stadion i form av underhaldning for ungar. Vi har mellom anna ein dag der ungar kan spele turnering på banen, og eg har litt underhaldning der. Det er ganske mykje som skjer når sesongen er ferdig, det stoppar ikkje for min del då. Eg har ein del jobbing med Disney, og eg har også nokre reklameinnspelingar som kjem framover, seier Lade, som legg til at ho også bidreg under draktlanseringar der publikum kan få signerte drakter av spelarane.

Veldig kjekt

– Kva driv deg til å gjere denne jobben?

– Eg synest det er veldig kjekt som jente å vise andre småjenter at som dame kan ein faktisk leve av noko som har med fotball å gjere. Også at eg kan inspirere til å sjå at det går an uansett kvar ein kjem frå. Om ein så kjem frå ei kjempelita bygd på Sunnmøre så kan ein nå langt dersom ein jobbar hardt for det og vil det sjølv, stadfestar 28-åringen.