Bergsøy kjempar med nebb og klør for å halde plassen i den nye 3. divisjonen. Trenar Toni Sandanger trur det blir spenning til siste slutt.

I dag ventar ein av seks attståande matchballar for Bergsøy når KFK gjestar Fosnavåg.

– Det blir ein nøkkelkamp mot ein veldig god motstandar. Det blir tøft, men vi håpar sjølvsagt på tre poeng, seier han. Bergsøy ligg førebels på 7.-plass på tabellen – eitt poeng bak nemnde KFK.

– Vi ønskjer å halde oss i 3. divisjon, men samstundes er det ingen krise om vi ikkje klarer det. Ambisjonane våre vil vere dei same likevel, seier han. I tillegg til Bergsøy – KFK, spelast Fjøra – Volda, Surnadal-Herd og Stryn – Træff laurdag. Oppgjera Spjelkavik – Sogndal 2, AaFK 2 – Florø 2 og Rollon – Hødd 2 spelast måndag.

Her kan du følgje dei fire kampane direkte frå klokka 16.00.