Matland var venstreback for Aalesund frå 2011 til 2015. Han spelte då 110 offisielle kampar og scora tre mål.

Sidan gjekk Matland til Royal Antwerp og deretter Sporting Hasselt i belgisk fotball.

– Jo spurde om han kunne trene med oss. Det var sjølvsagt greit. Vi treng kvalitet på trening. Eg kjenner Jo frå før og veit kva han står for, seier Brattvåg-trenar Karl Oskar Fjørtoft til Sunnmørsposten.

Fjørtoft seier det i første omgang er snakk om trening og ikkje ein overgang.

Men ein kan aldri vite.

Ifølgje Ole Petter Aarsund i Brattvåg-styret er Jo Nymo Matland sin kontrakt med Sporting Hasselt terminert. Om ein overgang skulle kome på tale treng ein derfor kanskje ikkje om å vente til overgangsvindauget opnar 21. juli.

Brattvåg leiar per dato si 3.-divisjonsavdeling på målforskjell framfor Lysekloster.