Hødd stilte lag både i G16- og G19-klassane under eliteturneringa Skaw-cup i Danmark denne veka. Begge Hødd-laga vart slått ut i semifinalen; G16-laget med 5–0 mot Bryne og G19-laget med 1–0 mot Fredrikstad.

I bronsefinalen vann G16-laget 1–0 mot danske Vejle. Hødd sitt mål var eit sjølvmål.

Straffehelt

G19-laget møtte også Vejle i sin bronsefinale. Det stod 4–4 ved full tid. Eirik Saunes og Bam Hide scora to mål kvar for Hødd, som fullførte kampen med ti mann etter at Sveinung Tilseth vart utvist.

I straffesparkonkurransen redds Sivert Pieroth tre gongar for Hødd, i tillegg til å score på ei av Hødd-straffene. Men Hødd bomma også to gonger sjølve. Til slutt vann dei dermed med siffera 11-10.

Sterk tropp

Hødd stilte toppa troppar både i G16- og G19-klassane denne turneringa. G16-laget hadde også med hospitantar frå andre klubbar. Alle skadefrie a-lagsspelarar i junioralder var med til Danmark, men ikkje alle spelte like mykje. Til dømes var Bendik Rise oftast innbytar i denne turneringa. Han har vore blant a-lagets beste spelarar i 2.-divisjon i vår.