Først på 7–0 gav Ørsta seg i møte med Ellingsøy torsdag kveld og dermed kunne Ørsta juble over 2.-plass i 5. divisjon og opprykk saman med divisjonsvinnar Valder.

Blindheim hadde sjansen sidan dei var eit poeng bak Ørsta før siste serierunde, men det vart ikkje spaning sida ørstingane var så overlegen mot Ellingsøy på heimebane.

Blindheim spelte i nabobygda der dei møtte Volda 2, i ein kamp som vart mållaus.

I Ørsta kom måla slik: 1–0 Sverre Sætre Orten, 2–0 Daniel Aakre, 3–0 Sætre Orten, 4–0 Knut Erik Myklebust, 5–0 Myklebust, 6–0 Olai Vinjevoll, 7–0 sjølvmål.

Nervøs start

– Det starta litt nervøst det først ekvarteret, men så fekk vi kjapt kontroll. Det stod 2–0 til pause, kunne dagleg leiar Arstein Sverre Sandvik fortelje til smp.no torsdag kveld.

I 2. omgang kom to kjappe mål til tidleg i omgangen og det vart berre eit spørsmål kor stor sigeren til Ørsta ville bli.

Feira med fyrverkeri

Etter kampslutt vart opprykket feira med fyrverkeri.

– Vi sende opp eitt batteri, det var jo kjekt at vi nådde målet om å rykke opp. 4. divisjon er plassen der vi høyrer heime, sa ein glad Arnstein Sverre Sandvik i Ørsta IL Fotball torsdag kveld.

Skodje slo Giske 2–1, og dermed rykker Giske ned i 6. divisjon.

Stranda vann 5–0 over Åram/VanKam og beheld plassen i divisjonen.