Hødd - Kristiansund: 3 - 2

Hødd til topps

Jubelen sto i taket då Hødd slo Kristiansund på heimebane.
Foto: Jan Henrik Djupvik
Jubelen sto i taket då Hødd slo Kristiansund på heimebane. Foto: Jan Henrik Djupvik

Mål av Erik Sandal, Vegard Heltne og Joachim Magnussen sende Hødd til topps etter 3-2 i toppoppgjeret mot Kristiansund.

Kjetil Haanes
Publisert: 29.08.2010 kl. 19:04
Endret: 29.08.2010 kl. 20:27

Men det opna verst tenkjeleg for Hødd, som hadde tenkt å gå svært aggresivt ut. Allereie etter 40 sekund låg ballen i heimenota etter at sideback Magnus Mar Ludviksson bomma på ei heading tilbake til keeper Ørjan Håskjold Nyland, og Tor Erik Torske fekk god tid til å setje ballen i mål bak ein utspela heimekeeper.

Det tok halve omgangen før Hødd kom seg over sjokket. Men derifrå og inn dominerte blåtrøyene, anført av ein strålande opplagd Kazeem Ahmed som lukkast med det aller meste han prøvde seg på. Denne gongen sat ikkje berre driblingane, men Kazeem slapp ballen i tide og spelte medspelarane fri gong etter gong.

Men trass i fleire store sjansar kom utlikninga først etter 42 minutt etter at Kazeem drog seg fri og la 45 grader tilbake til Erik Sandal, som breisida ballen kontrollert i nota.

2-1 kom etter at keeper Ørjan Håskjold Nyland traff Joachim Magnussen med eit langt og presist utspel. Keeper gav retur på det gode skotet frå Magnussen, men Vegard Heltne var påpasseleg frampå og styrte ballen i mål. Då var det jubel mellom dei 1428 på tribuna!

I andre omgag dominerte Hødd fullstendig, men det var først ti minutt før slutt at Joachim Magnussen enkelt auka leiinga etter eit nydeleg Hødd-angrep. Der var kampen avgjort, sjølv om Kristiansund yppa seg litt i sluttminutta og fekk ei redusering rett før slutt ved Lirion Kalludra.

Nykomaren Pape Formose Mendy starta for Hødd på sentral midtbane, og kom greit frå debuten, medan den andre nykomaren Adama Diomande fekk prøve seg dei siste 17 minutta utan å markere seg.

På forsiden nå

Tester «månelanding» for Ormen

Nyhamna i Aukra har et av verdens største testlaboratorium. Og trolig det dyreste. Les mer

– Ei redningsbragd av dei heilt store

Dei trudde sjølve det var umogleg, og er djupt imponerte over at Sea King-mannskapet makta å finne og berge livet til den islandske fiskaren Eirikur Ingi Jóhansson. Les mer

Fem gode torskeår

Femårsvarsel for fiskebestandane lagt fram. Les mer