Vestre er frå Brattvåg, og har pendla til og frå Volda die siste par åra. Han har hybel i Volda, og bor der rundt halve veka.

Han hadde forventa å få tilbod om å halde fram i klubben, men VTI Fotball har framleis ikkje bestemt seg for om han vil få tilbodet.

- Det er mykje eg kunne ha sagt om denne prosessen, men det får vente til seinare. Eg har eit kjempeforhold til spelarane, og har særs godt samvit for det eg har prestert i klubben. Mange unge har fått sjansen på A-laget og har slått til, men det er kanskje ikkje nok?, undrar Vestre.

Han er utdanna lærar, og har no har ei vikarstilling i ein skule i Brattvåg i tillegg til å vere fotballtrenar i Volda.

Evaluering

Det var nærnett.no, som journaliststudentane i Volda driv, som fyrst melde om ein mogleg disputt mellom klubben og trenar Vestre. Til nettstaden seier Jon Hjorthaug, som er medlem av Sportsleg utval i VTI Fotball, at klubben er inne i ei evaluering av 2014-sesongen, og at VTI no ser på korleis dei skal legge trenarkabalen for 2015.

Mellom anna skal Sportsleg utval snakke med heile spelargruppa.

Til Nærnett seier lagkaptein Rasmus Aarflot at han ynskjer trenar Vestre med vidare, men at spelargruppa ikkje har diskutert saka førebels.