Hødd får tilbake ein av sine skadde forsvarsspelarar før den tøffe bortekampen mot Skeid søndag.
Endret: 02.05.2010 kl. 20:28
Ulrik Wingsternes er klarert for spel. Og det set Hødd-trenar Lars Arne Nilsen pris på.
- Men vi har framleis utfordringar i forsvarsrekka. Oddbjørn Lie, Ørjan Engen Grimstad, Ruben Kenneth Brandal, Anders Gaustad og Vegard Heltne er alle ute med skade, opplyser Nilsen.
Wingsternes inn
På laget som slo Oslo City 3-0 på heimebane sist helg, var dette forsvarsfiraren: Helge Edinsen, Fredrik Klock, Thomas Lid Kleppe og Magnus Mar Ludviksson. Med Ulrik Wingsternes tilbake i trening får Nilsen eitt ekstra alternativ og kan skuve ein av spelarane i forsvarsrekka opp i ei offensiv rolle - dersom han vel å gje Wingsternes tillit.
Tøff bortearena
Å vere konkret på korleis Hødd skal slå Skeid vil naturlegvis ikkje Nilsen ut med.
- Men vi var på plass og såg oppgjeret Molde2-Skeid og har gjort oss opp ei meining om korleis vi skal ta dei, seier Nilsen. Skeid står med seier og uavgjort etter to rundar.
Han trur Bislett stadion, fort kan vise seg å bli ein arena der Skeid plukkar poeng.
- På papiret er dette ein av dei tøffaste bortekampane for året. Skeid vil truleg ligge i toppen av tabellen, så dette blir tøft, trur Nilsen.
Sterke trønderar
Som meiner det er vanskeleg å peike på topplag i 2.divisjon, avdeling 2.
- Er det likevel mogleg å sjå ein tendens?
- Det er vanskeleg så tidleg. Men umiddelbart ser det ut til at laga frå Trøndelag er sterkare enn venta og er blitt hakket betre enn dei var i fjor, seier Nilsen, som fekk merke eitt av trønderlaga si styrke allereie i serieopninga, der Steinkjer vann 2-1. Men i andre runde tok Hødd tre poeng mot Oslo City. No står eit nytt Oslo-lag for tur.
- Det kan fort bli slik i denne avdelinga at alle slår alle. Det kan sjå ut som det blir ei jamn avdeling, spår Nilsen.
Til Oslo for å vinne
Opprykkskandidat Hødd bør likevel plukke poeng. Og aller helst unngå seriens andre tap mot det som fort kan bli ein opprykksrival mot slutten av sesongen.
- Vi må vise at vi er tilbake på vinnarsporet, etter ein litt trøblete periode like før sesongstart med ein del skader. Vi reiser til Oslo for å vinne denne kampen, understrekar Nilsen.
