Tysdag følte Hødd-leiinga seg sikre på at ingen nye spelarar ville dukke opp til treninga onsdag, den første etter éi og ei halv veke med ferie. Men om ingen nye var på plass, rakk i alle fall ein gammal Hødd-helt treninga, som starta klokka 18.00.

Klokka 17 var nemleg Robin Shroot på plass ved trafikkterminalen på Hareid, der han vart plukka opp av lagkapteinen Jesper Törnqvist.

– Eg har vore på reise i 12 timar no, Einar, så det spørst kor mykje fornuftig eg har å seie. Men eg er glad for å vere tilbake her, seier Robin Shroot til Sunnmørsposten.

Men etter kvart som praten går, ristar han av seg «jetlagen» og pratar meir enn villig, viser det seg.

Med eit halvt år igjen av kontrakten tenkjer kanskje enkelte at 29-åringen er tilbake i Hødd fordi han må, men slik er det slett ikkje.

– Eg kunne ha blitt i England, eller eg kunne ha kansellert kontrakten min med Hødd. Men eg er tilbake her for å hjelpe Hødd, fortel briten.

Ingen vonde kjensler

Robin Shroot var toppscorar for Hødd både i 2014 og 2016. Før 2015-sesongen gjekk Shroot til Sogndal, som då var i 1. divisjon. Men ved halvspelt serie var briten tilbake i Ulsteinvik. Før denne sesongen vart Shroot lånt ut til Viking, der han ikkje har scora på åtte offisielle a-kampar i vår.

At Shroot no er tilbake i Hødd er ikkje like lite kontroversielt for alle. Stemninga mellom Hødd og Shroot var nemleg ikkje den beste før spissen flytta frå Ulsteinvik i vinter. Men no er det på tide å sjå framover. Det er ikkje lenger nokon «hard feelings» mellom partane.

– Det skjedde ein del i vinter, og det skjedde sikkert mykje som folk ikkje veit om. Det gjeld også personlege ting. Og så fekk eg sjansen til å spele toppseriefotball med Viking – og tok han. Eg ville både ha framgang som spelar og ha framgang med Hødd, men i vinter var det vanskeleg å finne eit kompromiss der. Eg har alltid elska å spele for Hødd, og no skal vi byggje vidare på det vi har gjort tidlegare, fortel Shroot.

Ein spiss trengst

Det er uomtvisteleg at Hødd treng ein spelar av Robin Shroot sitt kaliber. Medan Hødd sine tre spissar har scora totalt tre seriemål på 14 kampar i vår, står Shroot med 32 mål på 65 offisielle Hødd-kampar, dei fleste av dei i 1.-divisjon. Sjølv i fjorårets nitriste nedrykkssesong scora Shroot 12 mål.

– Eg har blitt forsvarsspelar eg no sidan sist eg var her, fleipar Shroot på spørsmål om han er Hødd sin etterlengta målscorar. Før han legg til – på sin vanlege høflege talemåte:

– Eg spelar akkurat der trenaren vil eg skal spele, Einar.

Blir ut året

Mange tenkjer kanskje at Hødd kan tene seg nokre kroner på å selje Robin Shroot medan overgangsvindauget framleis er ope. Sjølv om Shroot ikkje vart nokon suksess i Viking er det truleg klubbar på nivå to i Norge som kunne ha hatt god bruk for ein målfarleg spiss. Men Hødd-spissen er ganske klar på at han blir i Ulsteinvik ut året.

– Eg skal jo ikkje tilbake til Viking. Kanskje eg skal til Finland, flirer Shroot medan han ser bort på lagkameraten Jesper Törnqvist, som er frå nettopp Finland.

Åttandeplass på nivå tre

Spørsmålet renn vekk i ein munter duolog mellom dei to lagkameratane. Meir alvorleg blir Shroot når vi spør om nivå tre i norsk fotball er noko for Hødd.

– Alle veit at Hødd ikkje skal spele på nivå tre lenge, varslar den heimkomne høddaren.

Det er nok ord som fell Hødd-fansen godt i smak.

Ved sommarpausen låg Hødd på åttandeplass i si 2. divisjonsavdeling. Det er sjølvsagt ikkje godt nok for eit lag som tok cupgull i 2012, før dei spelte kvalik om opprykk til Eliteserien både i 2013 og 2015.