Og det var ikkje noko dårleg lag Odd 2 stilte med, heile fem spelarar har spelt i eliteserien i år. Nemleg keeper Viljar Myhra, Vegard Bergan, Etzaz Hussain (som vart matchvinnar for Odd mot Sandefjord søndag), Torbjørn Agdestein og Stefan Mladenovic. To andre spelarar er også med i Odd sin A-stall.

Men denne kampen ville Hødd vinne, og blåtrøyene vann fullt fortent. Sjølv om stillinga var 1–1 ved pause.

Her kan du sjå kampen

– Dette var ein herleg siger, rett og slett. Det er aldri moro å ligge «nedi» der, med botnlaga ikkje mange poenga bak. Vi trengde denne sigeren sårt, og den kom etter mykje godt spel av oss. Vi burde vel ha vunne 5–1 eller 6–1 ut frå spel og sjansar, sa ein særs nøgd trenar Sindre Eid.

Kallevåg gav 0–1

Jubel Endeleg kunne Sindre Eid juble etter ein bortekamp att. Her saman med sin assistent Harald Aasland Riise, som ikkje tør å juble på dette tidspunkt av kampen. Men det gjekk bra, Harald! Foto: Ole Martin Møllerstad

Torbjørn Kallevåg er attende på laget etter langt skadefråvær, og han gav Hødd 1–0 på eit fint skot frå 20 meter. Men Odd 2 utlikna ti minutt seinare, og laga var like langt då dei gjekk til pause. Men Hødd var best også før kvilen.

Men rett etter pause slo stoppar Eirik Haugan ei perfekt pasning i bakrom til Robin Shroot, som ordna 1–2. Og då Didrik Sereba gjorde 1–3 etter fint lagspel, verka kampen avgjort.

Men Odd fekk eit billeg straffespark av domaren ti minutt før slutt, og då vart det ny spaning. Men Shroot utnytta ei kontring på overtid, då Odd 2 hadde sendt alle mann i angrep. Keeper Myhra rusha heilt ut til midtbana for å stoppe Shroot, men det gjorde jobben endå lettare for spissen. Og dermed ein viktig 4–2 siger til Hødd.

Her kan du sjå kampen

Haugan må sone

– Vi gjer ein solid kamp, alle mann gjorde jobben sin. Diverre fekk Eirik Haugan sitt tredje gule kort, og må sone mot Fana neste kamp. Eirik var «outstanding» i dag, og har vorte betre for kvar kamp. Vi er utruleg glade for at vi fekk han til oss, no viser han kvifor han har så mange aldersbestemte landskampar og kvifor han vart henta av Marseilles som unggut, skryt Eid.

Men til Fana-kampen er Jesper Törnqvist aktuell att, han stod over med karantene mot Odd 2.

Eid syntest også at Bendik Rise stod fram som anker på midtbana i denne kampen. Ei rolle han ikkje har spelt i så mykje i Hødd før.