Sunnmørsposten skreiv i dag at det kunne kome eit benkeforslag som kunne velte styreleiar Håvard Haanes. På årsmøtet vart han samrøystes valt som styreleiar i Hødd. Haanes går dermed inn i sin andre periode som styreleiar.

Jogeir Romestrand blei også attvalt, han har fungert som nestleiar i inneverande periode.

Per Ivar Roald ga seg som styremedlem, og der kom Tommy Walaunet inn.

Det var eit talrikt årsmøte, med fleire deltakarar enn det har vore på ein stund. Den store diskusjonen handla om den nye modellen for spelarutvikling, der Hødd har bestemt seg for å gje fem spelarar fødd i 1998 kontrakt vidare. Denne debatten skapte stort engasjement hos Hødd sine medlemmer.

Det blei først foreslått at diskusjonen skulle gå blant klubben sine medlemmer utan andre tilhøyrarar. Dette blei nedstemt fordi andre i årsmøtet meinte at Hødd skal vere ein open klubb.