Høddtrenar Lars Arne Nilsen meinar det blir ein tøff kamp mot Kolstad på søndag, men det er berre tre poeng som er godt nok.
Endret: 20.06.2010 kl. 17:55
Hødd tek imot trønderlaget Kolstad søndag og Nilsen er ikkje i tvil om at laget må vere hundre prosent skjerpa, skal det bli tre poeng.
– Vi møter eit lag som slo Kristiansund på bortebane. Det seier seg sjølv at vi ikkje kan undervurdere dei, seier Nilsen.
Hødd er no ubeseira på dei siste seks kampane og ligg berre tre poeng bak tabelleiar Skeid.
Jamt.
Årets 2.divisjons-avdeling 2 er jamnare enn nokon gong. Skeid toppar avdelinga, men bak jagar det fleire lag. Frå femte- plassen og opp er skilnaden berre fire poeng.
– Det er svært jamt i år. Alle lag tar poeng frå kvarandre og det er ingen klare dumpekandidatar, meiner Hødd-trenaren.
Nilsen meiner at ingen kampar er sikre og er mest overraska av trønderlaga.
– Trønderlaga har heilt klart tatt steget i år. Fleire av laga har forbetra seg mykje frå fjoråret.
Har heng.
Hødd ligg på fjerdeplass før helgas runde, men det er berre tre poeng opp til Skeid. Hødd fekk ein dårleg start på sesongen med to tap på dei tre første kampane. Grunnen til dette var mange skade like opp mot sesongstarten, men nå ser det ut til at mange byrjar å bli kampklare igjen.
– Vegard (Heltne) og Kazeem (Ahmed) er kampklare igjen. Det er to spelarar som er svært viktige, fortel Nilsen.
Lie tilbake.
Hødds venstreback Oddbjørn Lie har vore skadd ei stund, men starta mot Nardo i førre heimekamp. Mot Byåsen sist helg var han igjen ute av laget igjen. Sivert Heltne Nilsen må stå over helgas kamp mot Kolstad på grunn av tre gule kort. Det opnar for Lie på venstrebacken.
– Oddbjørn har trent alternativt denne veka, men vi håpa å få stabla han på beina til helga, seier Nilsen.
Ungguten Christian Mork spelte ein god kamp mot Byåsen sist helg. Sjølv om mange er tilbake frå skade er det ikkje usannsynleg at Mork blir å sjå frå start mot Kolstad.
– Mork har vist stor framgang i det siste og er absolutt ikkje utelukka i startelleveren på søndag, fortel Nilsen.
Aktivitetar.
I tillegg til sjølve kampen skjer det mykje anna på Høddvoll i samband med kamparrangementet. Det blir aktivitetar og oppvisning både før kampen og i pausen. Det vil bli delt ut gratisbillettar i forkant av kampen for å få fleire på kamp.

