Hødd med kalassiger

Hødd-spelarane (f.v.) Erik Sandal, Vegard Heltne, Christian Mork og Sivert Heltne Nilsen feirar Joachim Magnussen (t.h.) sitt tredje mål i kampen. Hødd-spissen stansa ikkje før han fekk fire nettkjenningar.
Foto: Per Werkland
Hødd-spelarane (f.v.) Erik Sandal, Vegard Heltne, Christian Mork og Sivert Heltne Nilsen feirar Joachim Magnussen (t.h.) sitt tredje mål i kampen. Hødd-spissen stansa ikkje før han fekk fire nettkjenningar. Foto: Per Werkland

Hødd hadde få problem heime mot AaFk mandag kveld. Gjestane tapte til slutt 8-1.

Sondre Åkervik
Publisert: 05.07.2010 kl. 21:39
Endret: 05.07.2010 kl. 22:11

- Dette var strålande, seier Hødd-trenar Lars Arne Nilsen.

Han hadde all grunn til å vere svært nøgd etter kveldens kalassiger over eit juniorprega AaFk 2.

Heimelaget tok styringa umiddelbart og såg seg aldri tilbake. Sluttresultatet enda med 8-1 til dei blå, og det var ikkje eit mål for mykje kampen sett under eitt.

Tannlause Aalesund

For Hødd var rett og slett fleire hakk kvassare enn juniorane frå Ålesund.

- Det var menn mot gutar ut på bana i kveld, erkjenner AaFk 2-trenar Kent Bergersen.

Utanom straffescoringa til Didrik Fløtre – som reduserte til 7-1 – var dei oransje fullstendig tannlause framover, og skapte ikkje ein einaste kvalifisert målsjanse.

Les også: Kampen minutt for minutt
Sjå tabellen 2. divisjon avd. 2

Firemåls-scorar

Det gjorde til gjengjeld Hødd. Og i motsetnad til i førre heimekamp mot Kolstad, var blåtrøyene også effektive framfor mål.

Joachim Magnussen scora heile fire mål i oppgjeret, og krona ein strålande kamp ved å sette inn den siste Hødd-scoringa tre minutt før full tid.

Spissen har fått litt kritikk for å ikkje sette sjansane, men det var ikkje tilfellet mot AaFk sine nest beste.

- Det meste klaffa i kveld. Vi har viste bra form i det siste, og leverer ein solid kamp der vi spring mykje. Vi var bestemte på å ta tre poeng, kommenterer Joachim Magnussen etter kampen.

Les også: SIF tapte alt på overtid

På forsiden nå

- Bruker for mye tid på Nordøyvegen

- Et halvt år med saksbehandling koster 50-60 millioner kroner. Les mer

Norsk juniorrekord for Bjørlykke

Veronica Bjørlykke slo til på EMs åpningsdag. Les mer

Fikk tro på seg selv

Musikkstipend var viktig for Elin Sofye Les mer

Her er best å bo

Liv Signe Navarsete har kåra Norges mest attraktive stad. Sjekk kven som vann 17 kommentarer