Medan Moldskred har vore trenar i andre klubbar har Hareid hatt ein svært svak statistikk mot Langevåg dei siste par sesongane. Langevåg har vunne alle sine fire siste seriekampar mot Hareid, tre av kampane med store siffer.

Hareid tok leiinga

Men etter første serierunde i årets 4.-divisjon var det Hareid-leiren som kunne smile breiast. Fleire av dei tilreisande frå Langevåg meinte gultrøyene underpresterte. Det kan vere. I første omgang var i alle fall Hareid det mest sjanseskapande laget. Det trass i at Vinjar Vedde brende ein kjempesjanse på hovudet like før Martinus Røyset Bakken ordna 1-0 til heimelaget etter 21 minutt. Bakken kom åleine mot keeper Runar Holen og scora sikkert. Holen var nær ved å gi vekk eit mål til Hareid etter halvtimen, men ingen av dei raudkledde klarte å pirke ballen over målstreken på gratissjansen. I det 34. minutt kunne Bakken ha dobla leiinga. Denne gongen makta han ikkje å vere kald nok.

Draumetreff frå Driksna

Den kjappe Langevåg-spissen Simon Vågnes fekk ein stor sjanse til å utlikne i det 49. minutt – utan utteljing. Så følgde ein spelemessig god periode av Hareid. Høgdepunktet i perioden var 2-0-scoringa til Nauris Driksna etter 61 minutt. Backen som aldri hadde scora eit a-lagsmål for Hareid i løpet av fire sesongen klinka like greitt til frå 25 meter – og trefte næraste kryss. Som seg hør og bør førte den sjeldne scoringa til elleville jubelscener på og rundt Hareid-benken.

Hjelpetrenaren laga straffe

Då Langevåg brende sjansar til å redusere både i det 67. og 68. minutt tenkte vel dei fleste at dette var gjort. Men 2-0 er ei farleg leiing, som salige Kjell Kristian Rike brukte å seie. Og det vart fornya spenning då Hareids spelande hjelpetrenar Ruben-Kenneth Brandal felte Naranth Thambithurai i det 81. minutt. Izantullah Ahmadzai var sikker frå 11-metersstreken. Sjølv om Hareid skapte den feitase sjansen på 2-1 (ved Nikolay Sundgot), var det spenning heilt til Jan Erik Bratteberg bles i fløyta for siste gong etter 94 minutt.

– Hareid vann fortent

Sunnmørsposten møtte ein svært frustrert Langevåg-trenar Rune Hoem etter kampslutt.

– Vi vinn ikkje duellane. Det hjelper ikkje kor mykje talent ein har når ein ikkje vinn duellane. Spesielt første 20 minutta let vi dei få kome altfor lett til, sa Hoem.

Vann Hareid fortent?

– Ja, dei gjorde dei, sjølv om også vi hadde ein del sjansar denne kampen.

– Vi jobba hardt

Langevåg mangla både den mangeårige kapteinen Albert Devold og Daniel Dybvik til dette oppgjeret. For Hareid sin del var ikkje nysignerte Emil Valaas Viddal med i troppen. Men ein annan nykomar, Sondre Hasund (ex. ÅVK og Volda), fekk sin seriedebut og var blant banens aller beste spelarar i snø, hagl og regn denne kvelden.

Uansett godt for Hareid og comeback-trenar Kenneth Moldskred å opne sesongen med tre poeng - spesielt med tanke på at dei fleste som har tippa divisjonen trur Hareid vil slite i nedrykksgjørma.

– Eg veit ikkje kva andre forventar av oss, men vi har sjølve sett oss eit mål om å halde plassen. Og sjølv om vi slår eit lag som gjorde det godt i fjor i første runde forandrar vi ikkje på det, seier Moldskred til Sunnmørsposten.

Han synest det vart litt unødvendig spennande på tampen av kampen.

– Men alt i alt er eg godt nøgd. Vi jobba hardt, stod på og spelte OK fotball, vurderer Hareid-trenaren.

Kampfakta4.-divisjon 2017, runde 1, fredag 21. aprilHareid – Langevåg 2-1 (1-0)Hareidsmyrane stadion 60 tilskodararMål: 1-0 Bakken (21), 2-0 Driksna (61), 2-1 Ahmadzai (81, straffe)Dommar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta IL – 5Gule kort: Driksna (Hareid), Nordal og Thambithurai (Langevåg)

Andre kampar i 4.-divisjon fredag kveld:

* Volda – Skarbøvik IF 1-0 (1-0)

Dommar: Bjørn Bakkom, Ørsta IL

Volda spelte i 3.-divisjon i fjor, medan SIF vart krinsmeistrar i 4.-divisjon (ikkje opprykk grunna ei divisjonsomlegging). Då laga møtte kvarandre i serieopninga i Volda fredag kveld vart det målfattig. Dagens einaste scoring stod heimelagets Robert Mathias Dahlberg for i det 67. minutt. SIF fullførte kampen med ti mann etter at Simen Skuseth fekk sitt andre gule kort to minutt på overtid.

* Bergsøy – Hødd II 2-3 (1-1)

Dommar: Torgeir Halsen, Åram/Van.kam.

Hødd 2 tok med seg alle tre poenga frå dette Ytre Søre-derbyet. Isak Haanes sende Hødd i leiinga etter 37 minutt. Tre minutt seinare utlikna Craig Stuart Rogers. Tre minutt etter kvilen hadde Bergsøy snudd kampen. Det sørgja evigunge Frank Sverre Skorpen for – på brassespark (!). Men Hødd skulle slå tilbake. I det 61. minutt kom utlikninga etter eit sjølvmål. Og knappe 20 minutt før slutt avgjorde Eirik F. Saunes til 2-3.

* Norborg – Emblem 2-2 (1-1)

Dommar: Richard Olsen, Åmdal IL

Bortelaget tok leiinga i Uggedalen etter 14 minutt. Elias Dahlberg scora på straffe. I det 28. minuttet utlikna Ole Johan Øster Urke for heimelaget. Ti minutt etter kvilen tok Emblem leiinga for andre gong, i dette tilfellet ved Thomas Seth Gjøsund. Men Norborg gav seg ikkje og sikra eitt poeng då Ruben Grytten Holmeset heada inn 2-2 knappe 20 minutt før slutt.

* Rollon – FK Sykkylven 1-1 (1-1)

Dommar: Haakon Javier Tronstad, IL Valder

Begge måla kom i første omgang. Daniel Gjerde sende heimelaget i leiinga etter 19 minutt, på returen frå sitt eige brende straffespark. I det 37. minutt utlikna Bengt Hole Aknes for FK Sykkylven.

* Oppgjeret Godøy – LGFK vart spelt torsdag. LGFK vann 2-1.