Ikkje abonnent? Kjøp tilgang her

Er du abonnent og skal lese for første gong? Registrer deg her

– Eg trur vi er små favorittar sidan vi slo dei på heimebane, men mykje kan skje i ein slik kamp, seier Fjørtoft-spelar Hans Edvard Nordang, som var ein av initiativtakarane til at klubben stilte med eit seniorlag igjen denne sesongen.

Klubben fylte 100 år i år og ville gjere noko spesielt. Det har gått så bra at dei toppar 6. divisjon med like mange poeng som Guard, men Fjørtoft har ein kamp til gode.

– Vi er det einaste laget på seniornivå på Sunnmøre som ikkje har tapt ein seriekamp i år. Om det blir siger mot Guard, så skal mykje gå gale om det ikkje blir opprykk, seier Nordang.

Etter kveldens toppkamp, som skal sendast på smp.no, står det berre igjen tre serierundar. Fjørtoft møter lag som dei bør ha gode moglegheiter til å slå.

Har forsterka laget

– Vi har ikkje heilt det same laget som då vi starte sesongen, for det har kome inn forsterkningar. Vi har jobba på for at vi skal få til eit opprykk, seier han.

– Blir alle med vidare med eit opprykk?

– Alle er motiverte for å køyre på ein sesong til. Det hadde vore kjekt å spele i 5. divisjon der vi kan møte gamle kjente i Norborg for eksempel.

På heimesida til Fjørtoft står det oppført heile 36 spelarar i stallen. Andre klubbar har kalla Fjørtoft for ein «kjøpeklubb» denne sesongen.

– Det er vel helst andre klubbar rundt oss på øyane som seier det, men det er ingen som tener noko på å spele eller vere trenar her. Du taper garant pengar på å spele for oss, seier Nordang og flirer.

Guard må vinne

For Guard sin del er det berre ein ting som gjeld i kveldens kamp.

– Vi gleder oss mykje til denne kampen, som vi berre må vinne om det skal vere eit håp for oss. Vi har vunne ni av ni heimekampar, så det skal få slite mot oss, seier Guard-trenar Stig Norheim.

Laget har fått klarsignal frå klubben om at eit opprykk er ønskeleg i år, men det spørst om dei klarer det.

– Vi tapte 2–1 borte mot Fjørtoft, men vi leia til det var spelt 80 minutt. Dei scora sigersmålet på eit straffespark dei fekk etter ei stygg filming. Vi har med andre ord litt å revansjere, seier Norheim