Yr har sendt ut OBS-varsel for Møre og Romsdal gjeldande torsdag ettermiddag. Vinden vil auke til sørvest liten storm (22 m/s) utsette stader, og periodevis full storm (25 m/s) på kysten. Frå torsdag ettermiddag til og med fredag kveld kan det lokalt kome 70–120 mm nedbør i løpet av 36 timar. Det er Sunnmøre som får dei største nedbørsmengdene.

Gjør som over 23.000 andre - følg smp.no på Facebook!

Snø i fjellet

Eit anna OBS-varsel er sendt ut for både Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, i tillegg til Hordaland og Sør-Trøndelag. Torsdag kveld vil kombinasjonen sterk vind og snø gi lokalt vanskelege køyreforhold i fjellet. Natt til fredag er det venta stigande temperatur og overgang til regn. Dette kan også gi vanskelege køyreforhold. Det vil halde fram å regne utover dagen på fredag.

Flaum- og skredfare

Norges vassdrags – og energidirektorat (NVE) har sendt ut varsel om flaum- og skredfare i fleire fylke i Midt- og Vest-Norge fredag. I Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland har flaumvarselet gult nivå – noko som betyr at det kan oppstå store flaumskadar og problem lokalt. I Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Rogaland er det meldt jordskredfare på gult nivå, som er nivå to av fire. Folk vert bedne om å vere merksame i rasutsette område, og halde seg oppdatert på vêr og varslar på nettstaden Varsom.no.