Dei tre banksjefane har denne veka ført sak i Sunnmøre tingrett, støtta av fagforeiningane Econa og Finansforbundet. Dei krev erstatning og oppreising fordi dei måtte slutte i banken då dei var 65 år.

– Dei har fått eit stort økonomisk tap i forhold til andre i banken, og dei har mista moglegheita til å halde fram med i jobbe, sa advokat Nina Bergsted i sitt sluttinnlegg. Ho representerer Econa og dei no pensjonerte banksjefane Øystein Grønmyr og Kirsti Øvrelid.

Langøy

Eit av dei siste vitna var banken sin styreleiar, Leif Arne Langøy. Han forklarte at banken i 2013 la opp til at sjefane skulle ha same pensjonsalder som dei andre i banken, det vil seie 67 år. Samstundes skulle dei som var over 60 år framleis ha pensjonsalder på 65.

– Kvifor kunne dei ikkje sjølve få velje pensjonsalderen?– Det hadde aldri vore ei problemstilling. Banksjefane brukte å gå av når dei var 65 år, og det vart sett på som eit gode. Og det skulle liggje individuelle avtalar i botn for alle, forklarte Langøy.

Misnøgde

Men saksøkjarane har ikkje oppfatta det som eit gode å bli pensjonist som 65-åring.

– Dei vart pålagde å slutte, etter ein prosess som var alt anna enn hyggjeleg, seier advokat Halldis Aarseth, som representerer Finansforbundet og tidlegare banksjef Åse Lund.

I sluttinnlegget i retten var ho opptatt av å få fram at banken har praktisert pensjonsordninga inkonsekvent.

– Av 38 personar som er berørt er det 25 unnatak. Vi har fleire unnatak enn praktisering av hovudregelen om fråtreden ved 65 år, sa advokat Aarseth.

Sparebanken Møre sin advokat, Bjarne Hodne, gjekk ikkje god for desse tala. Han avviste det uspesifiserte kravet om erstatning og oppreising.

– Det er ikkje mange som slår Sparebanken Møre når det gjeld å behandle seniorar bra, sa Hodne.

Saka er ikkje så prinsipiell som fagforeiningane trudde i utgangspunktet. For Stortinget vedtok i fjor at det ikkje lenger er lovleg å ha lågare pensjonsalder enn 70 år.

<strong>Avviste:</strong> Sparebanken Møre sin advokat, Bjarne Hodne, avviste krava om erstatning og oppreising.