I går tangerte vi Steinkjersannan her i spalta. I dag står vi takk tilfeldige omstende midt i det nordtrønderske paradiset.

Ifølgje bildeutlånar og soldat hev vøre Ottar Brekke er det første tropp i kompani A vi ser. Som kjent låg Tyskland med broten rygg etter andre verdskrigen. Under britisk leiing var mellom andre norske soldatar utplasserte for å sikre overgangen til meir fredelege tider.

Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.

Brekke står som nummer fire frå venstre i midtrekka. Troppen var full av sunnmøringar og romsdalingar, så her er berre å sjå etter kjenningar og gje oss namn. Ottar trur den eine sersjanten heitte Helle. Brekke er opphavleg frå Sylte i Vanylven, men busette seg seinare i Kjølsdalen, mellom Eid og Måløy. I 1952 var han tjue år.

Han trur fotografiet må vere teke rett etter dei var kalla inn. Rekruttane var på Steinkjer frå mai til oktober før dei fekk sju månader teneste i Tyskland. Totalt var det rundt 1.000 mann i denne siste bataljonen.

Brekke minnest ei kjekk tid. I juli hadde dei ti dagar permisjon. Ettersom det var mange stordalingar i troppen, reiste dei dit. Det var vissst ein særleg fin sommar og fine jenter i Stordalen det året, forstår vi.

For noen tiår siden: I dag en kunstferdig utgave av gamle «Aalesund»