Hornindal og Volda har vedteke å slå seg saman til ei kommune frå 1.1.2020. Sidan vi i dag er på kvar vår side av ei fylkesgrense, er vi spesielt opptekne av konsekvensar vi opplever når nye kommunikasjonar kryssar grenser og nye regionar og grenser blir etablert.

I samanslåingsprosessen ser vi at vi får store utfordringar med overføring av ansvar mellom fylkeskommunar, statlege føretak, direktorat m.m. Ny regioninndeling vil etablere nye grenser, og intensjonen om at statleg verksemd skal følgje regioninndelinga kan skape nye og store utfordringar i område, som på Vestlandet der overgangen frå sjø til veg endå ikkje er fullført. Dei store offentlege investeringane i Eiksundsambandet og Kvivsvegen er til dømes framleis ikkje følgt opp med samordning av offentlege kommunikasjonar, akuttkirurgi, vidaregåande skule m.m. innanfor den nye bu- og arbeidsmarknaden. Når nye grenser for regionane blir vedtekne må ein unngå slike utfordringar.

Grunnsteinen

Gjennom samferdselsplanlegginga er det rimeleg avklart kva bu- og arbeidsmarknader (45 minutt reisetid bustad – arbeid ein veg) vi vil ha om 20 til 30 år.

Til dømes i vår region har Eiksundsambandet og Kvivsvegen integrert området til ein sams bu- og arbeidsmarknad (Herøy, Sande, Hareid, Ulstein, Ørsta, Volda og Hornindal og store delar av Stryn og Eid). I løpet av 10 år vil vidare utbygging av E39 og F60 m.m. integrere heile Stryn og store delar av Stranda kommune i bu- og arbeidsmarknaden, med Volda-Ørsta som sentrum og med snart 70.000 innbyggarar.

Av desse bur over 15.000 sør om noverande fylkesgrense. Kommunikasjonstiltak på kysten vil ytterlegare integrere BA-regionen slik at den vil omfatte området mellom Nordfjorden og Storfjorden. Ei regiongrense som splittar slike nye bu og arbeidsmarknadsregionar vil skape store hinder for samfunnsutvikling og livskvalitet.

På sikt kan store og kostbare samband som Møreaksen og Hafast binde saman vår BA-region med Ålesundregionen og Molderegionen til eit samanhengande regionbelte som ikkje bør splittast opp av ei ny regiongrense.

Byregionar

Kring større byar er det med 2 til 3 timar reisetid med bil eit område som er sterkt integrert i storbyen gjennom næringsmessige og sosiale band og med betydeleg langpendling.

Slike byregionar bør ikkje delast opp. Bergen er nordover i realiteten avgrensa til Sognefjorden og nye kommunikasjonsendringar i dette området vil i liten grad påverke utbreiinga av Bergen byregion. I nord fører forbetra kommunikasjonar til Trondheim til at Trondheim byregion vil omfatte delar av Nordmøre, spesielt sør til Halsafjorden og etter kvart også mot noverande fogderigrense mellom Romsdal og Nordmøre.

Realisering av Møreaksen og Hafast vil gjere at Ålesund byregion vil omfatte Sunnmøre, Romsdal og Nordfjord sør til Nordfjorden når desse blir realisert. Denne regionen vil ha ein mellomstor by, Ålesund, som sentrum og i tillegg byane Molde og Volda-Ørsta.

Tilsvarande vil det vere ein region mellom Sognefjorden og Nordfjorden, men utan ein dominerande by (Førde vil kunne utviklast til det). Om regionane som skal dannast no deler opp desse potensielle byregionane vil ein få samordningsutfordringar tilsvarande dei vi i dag ser i vår region der administrative og politiske grenser er klart til hinder for rasjonell og effektiv bruk av offentlege ressursar og med store ulemper for borgarane.

Tilsvarande gjeld i stor grad næringsklyngjer som det vil vere ein stor fordel om kan forhalde seg til ein region i staden for mange.

To alternativ i nordvest

Ut frå den framtidige strukturen skissert ovanfor vil vi peike på to alternativ vi meiner er tilfredsstillande for vårt område.

Nordvestlandet

Slik vi har peika på ovanfor vil området mellom Sognefjorden og Nordmøre i overskodeleg framtid ikkje vere inkludert i byregionane Bergen og Trondheim og kan vere ei naturleg eining med om lag dei same utfordringane, sterke industrielle fagmiljø m.m. og eit folketal på snart 300.000. Framtidig utbygging av E39 vil binde området saman og gjere at reisetida frå sør til nord kan bli under 4 timar. Denne regiondanninga er derimot avhengig at det blir rask framdrift i kryssinga av Storfjorden, Romsdalsfjorden og Nordfjorden.

Fjord – Bergen, Hordaland og Nordvestlandet

Eit anna alternativ er at område nemnt ovanfor blir tilordna ein av storbyregionane eller blir splitta opp. Vår vurdering er at området til og med Sunnmøre er klart prega av vestlandsk kultur og entreprenørskap. Kommunikasjonane til Bergen er ikkje gode, men betre enn til Trondheim i dag. Om det ikkje er mogleg å danne ein eigen Nordvestregion som omfattar det meste av noverande Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, vil vi sterkt gå inn for ein ny region med hovudsenter i Bergen og som omfattar noverande Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, alternativt Sunnmøre og sørsida av Romsdalsfjorden.

Nordfjord og Sunnmøre må vere i same region

Vi vil til slutt presisere at uansett strukturval må Nordfjord og Sunnmøre høyre til same region. Framtidig regiongrenser må ikkje dele opp dette bu- og arbeidsmarknadsområdet som er skapt av veginvesteringar i milliardklassa og som vidare utbygging av E39 med sidevegar vil integrere ytterlegare dei komande åra.