– Det må vi vurdere om vi får ein formell førespurnad frå Stranda hamnevesen. Men i utgangspunktet er det ikkje tilfeldig reint kommersielt at vi går til Geiranger om sommaren.

Det seier Stein Lillebo, kommunikasjonssjef i Hurtigruten, til Sunnmørsposten.

Hamnesjefen

Det var i siste utgåve av avisa Sunnmøringen at hamnesjef Rita Berstad Maraak lufta ideen om å be Hurtigruten byte sesong for sine besøk til Geiranger.

Bakgrunnen er at hamnevesenet ønsker å spreie trafikken meir. Midt på sommaren er det nemleg svært stor trafikk både på sjø og land i Geiranger. Stein Lillebo ser poenget, og seier at det er ikkje bra med for stor trengsel.

– Det er ikkje nokon fordel for opplevinga til passasjerane at det er for mykje folk i Geiranger, slår han fast.

– Så det er ikkje umogleg at det kan bli eit byte?

– Det er det for tidleg å svare på. Eg har berre fått ein kort epost frå hamnesjefen der ho luftar ideen. Difor har eg bede om meir informasjon. Dersom det er miljøaspektet som er drivkrafta, bør ein først vende seg til dei som kjem med store skip som går på tungolje. Det nyttar ikkje vi.

Tek tid

Kommunikasjonssjefen seier også at dersom det skulle bli eit byte, så vil det ta eit par år før ein har dette på plass.

På generelt grunnlag seier Stein Lillebo at Hurtigruten heile tida vurderer tilbodet sitt.

– Det inneber også at det blir vurdert om Geiranger skal besøkast, og når vi skal gå dit. Det kan også vere at vi vil gå inn i andre fjordar, til ein heilt ny destinasjon. Vi har iallfall mange flotte fjordar her i Norge.

Avtale

Hurtigruten AS har avtale med staten om å anløpe mange hamner. Men denne avtalen gjeld ikkje Geirangerfjorden og Hjørundfjorden.

Difor står Hurtigruten fritt til å droppe desse fjordane, eller gjere endringar.92 gonger i år ankra det opp hurtigruteskip i Geiranger. Ifølge tal frå hamnevesenet var det om lag 25.000 av- og påstigande passasjerar som reiste vidare til Ålesund eller Molde.