Denne helga har det kome nye meldingar om at ekstremistar frå Den islamske staten (IS) har slakta ned menneske som har nekta å bøye seg og konvertere til islam. Yezidier, kristne og andre minoritetar har fått valet mellom å konvertere, betale ein form for skatt eller bli drepne, og dei siste vekene er tusenvis blitt drivne på flukt. Det har også kome rapportar om at IS har utført drap på hundrevis av menneske frå ein stamme aust i Syria. Dei islamistiske ekstremistane går systematisk til åtak på minoritetsgrupper.

Målet er at alle som ikkje vedkjenner seg den rette lære – slik IS tolkar den – skal utslettast frå dei områda islamistane kontrollerer. IS er salafistar, ei trusretning som meiner at alle lover og reglar frå Muhammeds tid skal gjelde i dagens samfunn. Salafistar er ekstremt intolerante overfor alle som ikkje deler deira syn, også overfor andre muslimar.

Dei ser på seg sjølve som overlegne dei «vantru», og står for eit menneskesyn som er destruktivt. Folk som ikkje har den «rette» trua er blitt omtala som grisar og apekattar; det vil seie utan menneskeverd. Når menneske blir avhumanisert, så er vegen til overgrep kort. Hitler definerte jødar og andre folkegrupper som «ikkje-menneske» som kunne utryddast. Både Pol Pot, Mao og Stalin kunne utføre folkemord, fordi grupper av menneske vart definerte som verdilause. Dei ekstreme IS-krigarane har ein valdsbruk og brutalitet som sjølv Al-Qaida er kritisk til.

Enkelte er redde for at herjingane til islamistane i Irak skal føre til hat mot muslimar i Norge, og hevdar at media av den grunn skal vere varsam med å gi ekstremistane merksemd. Men menneskefientlege ideologiar kan ikkje teiast i hel, dei må fram i lyset. Derfor er det positivt å oppleve at unge, norske muslimar klart tek avstand frå ekstremistane i IS og Profetens Ummah, og måten dei misbrukar religionen.

Det er lov å kritisere alle slags religionar og ideologiar. Men menneske skal aldri bli utsett for hat, vald og forfølging på grunn av si tru. Den kaldeiske kyrkja i Irak har ei historie som går 2000 år tilbake i tid. No er denne urkyrkja i ferd med å bli utsletta. Då IS erobra Mosul i sommar fekk kristne valet mellom å bli muslimar, flykte eller bli drepne. Dei siste vekene er det yezidier som har fått ultimatum. Dette hender i det 21. hundreår, og det er underleg stille. Kvar er alle som er opptekne av trusfridom, ytringsfridom og menneskerettar? Kvifor er det så få som reagerer?

Det som no skjer i Nord-Irak og Syria er så uhyrleg og grufullt, at det må få alle gode krefter til å vakne. Kristne, muslimar, buddhistar, humanetikarar og alle som er opptekne av menneskeverd må stå saman. Vi kan ikkje vere passive tilskodarar til etnisk reinsing og folkemord.