Eldsjeler som kjempar for vegprosjekt må ta meir av jobben og kostnaden sjølv. Det blir resultatet om fylkespolitikarane i Møre og Romsdal sluttar seg til saksutgreiinga som skal opp i samferdsleutvalet i morgon.

I saksutgreiinga er det lagt opp til at det blir stilt strengare krav til eit vegprosjekt før det får plass på dei fylkeskommunale prioriteringslistene. Ei viktig årsak til dette er at ein vil ha eit betre faktagrunnlag å byggje vedtaka på og redusere den økonomiske risikoen.

Innstramminga er fornuftig både for fylket og eldsjelene i kommunar og vegselskap. Betre grunnlag for prioriteringar gir betre styring både økonomisk og politisk. Ein treng berre å sjå på etterslepet i vegvedlikehaldet og vegstandarden i Norge for å sjå at det trengst eit betre grep om taumane.

Ein må likevel vakte seg for at fylket berre blir ein vaktar av pengesekken, og at det er ressurssterke interesser utan eit heilskapleg syn på samfunnsutviklinga som stiller opp agendaen.

Klarare og strengare kriterium er viktig for styring av økonomi og for å sikre handlingsrommet, men det er ikkje dette som sikrar visjonane. Felles for dei fleste eldsjeler i samferdslepolitikken er at dei brenn for sitt prosjekt forbi si stovedør.

Sjølvsagt er det viktig nok. Utan slike eldsjeler – både enkeltpersonar, kommunar eller private vegselskap, hadde ikkje mange av dei store vegprosjekta i fylket sett dagens lys. Men nokon må også ta på seg rolla som den som ber fram vegvisjonane som gir retning og heilskap.

Sjølvsagt må ein ha kontroll. Det er det lite vits med ein visjon om ein glepp på økonomistyringa, og ikkje klarer å styre mot den. Men det er like lite vits i å unngå økonomiske havari om ein ikkje har eit mål for seglasen.

Faren med ei slik organisering som det no vert lagt opp til, er at dei som skal sjå heilskapen engasjerer seg for seint i prosessen. I større grad enn no kan ein då kome til å overlate initiativet til grupper som berre styrer etter særinteresser.

Krev ein for mykje av eldsjelene, vil ein samstundes favorisere dei som har størst ressursar i ryggen. I det ligg det også ei prioritering som slett ikkje er politisk styrt. Slik kan vi kome til å dyrke ein klattverkspolitikk som samferdslesektoren allereie i dag lir under.