Saka kjem opp att på nytt i neste møte i fylkesutvalet måndag 27. oktober, i lys av eit vedtak KS nyleg gjorde om at også fylkeskommunen bør delta.

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik står fast på at fylkeskommunen berre skal ta på seg sekretariatsansvaret, slik fylkesutvalet gjorde vedtak om i 2013.

Går på tvers

Dermed går fylkesrådmannen på tvers av vedtaket som fylkesmøtet i Kommunenes Sentralforbund (KS) i Møre og Romsdal fatta 17. september om at både fylkeskommunen og kommunar har hatt ansvar i perioden frå 1980 til 1993, og derfor bør dele oppreisingsbeløpet med halvparten kvar for denne perioden.

KS grunngjev sitt standpunkt ved å vise til at fylkeskommunen hadde ansvaret for at barnevernsinstitusjonen vart sett i stand til å drive forsvarleg og at den einskilde bebuar fekk forsvarleg omsorg under opphaldet, medan kommunane hadde plasseringsansvaret. KS bad vidare om at Fylkesmannen tek kostnaden med å administrere ordninga.

Endra føresetnad

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik viser til at KS med sitt vedtak endrar føresetnadene for ordninga på eit vesentleg punkt ved at fylkeskommunen vert oppmoda om å delta i oppreisingsordninga på lik linje med kommunane som sluttar seg til ordninga.

Guttelvik vil ikkje strekkje seg lenger enn til at fylkeskommunen tek på seg driftsansvar for sekretariat og nemnd. Kommunane skal då refundere fylkeskommunens utgifter etter ei nærare fastsett fordeling.

Skjønsmidlar

I det vedtaket som fylkesutvalet gjorde i denne saka i 2013, var det ein klår føresetnad at utgiftene skal fordelast på deltakarkommunane, og at desse kostnadene i neste omgang skal dekkjast av skjønsmidlar som kommunane vil få tilført frå fylkesmannen.

Då fylkesutvalet i februar i år vedtok ein høyringsuttale, vart det lagt til grunn at sekretariatet vil koste om lag 1,5 millionar kroner i året. I dette beløpet er det lagt inn om lag 500.000 kroner til nemndutgifter pr. år, og rekna med fire møte i året.

For lite

Dette er truleg for lite, meiner fylkesrådmannen, og viser til sluttrapportar frå andre fylke.

Han trur sekretariat og nemnd vil måtte arbeide meir enn to år, truleg tre, og at ein derfor vert nøydd til å leggje til grunn ei kostnadsramme på minimum fem millionar kroner. Når det gjeld utgifter til oppreisningserstatning, meiner fylkesrådmannen det er vanskeleg å anslå kor mange som vil søkje og dermed kva ordninga vil koste.