Det vert ikkje dårlegare rutetilbod på Ørsta Volda lufthamn Hovden, skriv avisa Møre-Nytt.

Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal gjekk onsdag samrøystes imot fylkesrådmannen si innstilling om å kommersialisere flyruta mellom Hovden og Oslo frå neste tilbodsperiode.

Godt jobba

Ørsta-ordførar Rune Hovde seier til Møre-Nytt at det har vore jobba godt i kulissane etter at fylkesrådmannen kom med framlegget om å leggje rutetilbodet på Hovden ut på den frie marknaden.

– Vedtaket i samferdsleutvalet er både gledeleg og fornuftig, og er med på å sikre eit godt tilbode for flyplassen framover, seier Hovde til avisa.

Subsidiar

Å kommersialisere flyruta vil seie å fjerne dagens subsidiar. Widerøe får 239 kroner per billett for rutene Oslo-Hovden og Bergen-Hovden. Forslaget om å ta vekk Hovden-Oslo frå tilskotsordninga kom frå Transportøkonomisk institutt, som m.a. peika på at Hovden-Oslo har den høgaste beleggsprosenten på kortbanenettet.