Eit utval leia av professor Ragnar Tveterås gjer framlegg om ei lang rekkje vidtgåande forslag til korleis ein kan auke lønsemda i sjømatindustrien. I mange år har sjømatindustrien vore prega av dårleg lønsemd, og det er blitt verre og verre. Sjømatindustrien er ei global næring i beinhard konkurranse, og utvalet meiner at skal næringa greie seg så må aktørane i større grad få handlingsrom og fleksibilitet til å velje si eiga økonomiske organisering.

Utvalet gjer framlegg om å ta frå dei salslaga som fiskarane i dag eig, styringa over omsetninga av fisk. Utvalet meiner at dagens prinsipp er som om bukken skulle passe på havresekken, og slår fast at det går føre seg mykje ulovleg fiske i Norge som kan vri konkurransen frå dei seriøse til dei useriøse utøvarane. Dei fiskerieigde salslaga har ei uheldig dobbeltrolle som seljarar av eigarane sin fisk, samtidig som dei skal kontrollere om eigarane, det vil seie fiskarane, har gjort noko ulovleg. Utvalet vil i staden ha eit uavhengig kontrollorgan som tar imot fisken. I dag blir berre seks promille av norske fiskefangstar kontrollerte, og kontrollen blir då nærast ein vits.

Kvalitet på sjømaten kjem til å bli eit endå viktigare konkurransefortrinn i framtida. Det tilseier at sjømatindustrien som skal produsere og selje fiskeprodukta, i større grad treng kontroll over måten fisken blir fiska på og teken hand om fram til produksjon. Tveteråsutvalet tilrår såleis at sjømatbedriftene bør kunne eige kvotar og båtar, og også kunne inngå avtalar direkte med båtane om både kvalitet og leveringsvilkår, utan å gå vegen om salslag.

Mange av dei framlegga utvalet kjem med er kontroversielle i næringa, og det er viktig med ein debatt framover. No skal saka ut på høyring, men det er all grunn til å tru at den sitjande regjeringa vil vere tilhengar av å fjerne mange av dagens restriksjonar i fiskerinæringa.Villfisk-næringa har tapt terreng i høve til oppdrettsnæringa som har betre kontroll på kvaliteten. Villfisken bør kunne bli eit minst like ettertrakta matprodukt som oppdrettsfisken, men då må både fangst- og foreldingsmetodar foredlast. Fabrikkskipa som både fiskar og foredlar topp produkt er kanskje ein modell?