Denne vinteren vert mjølkebøndene Fridjon Døving og Linda Myren i Valldal å sjå på mjølkekartongane på Vestlandet, det vil seie i Hordaland, Sogn og Fjordane og på Sunnmøre.

Fridjon Døving og Linda Myren er bønder og driv mjølkeproduksjon. Både på heilmjølk og skumma mjølk vert dei å sjå frå no av og fram til ca. 1. mai, berre avbroten av påska då Tine har anna dekor med påskekrim. Den skumma mjølka har bokmålstekst på kartongane, medan heilmjølka er på nynorsk.

– Ein veksande del av folket veit ikkje kvar mjølka kjem frå. Vi ønskjer å presentere lokale bønder og deira historier for å fortelje kvar mjølka kjem frå, kven som lagar ho og korleis vi foredlar mjølka, skriv Tine i ei pressemelding.